Staten sin del av dei same anlegga summerer seg til 4,8 milliardar kroner.

Og bompengegaloppen held fram. Veganlegg for minst 10 milliardar til skal byggjast.

For brukarane av vestlandsvegane gjev dette dramatiske utslag. Eit vogntog i storleiksklasse opptil 19 meter må ut med 5616 kroner i bompengar og ferjebillettar på turen frå Stavanger til Trondheim.

Dersom det same vogntoget køyrer frå Stavanger til Trondheim via Kristiansand og Oslo, summerer bompengar og avgifter seg til 270 kroner.

Ein person i ein liten bil må betala billettar og bompengar for 576 kroner på ein tur frå Stavanger til Førde.

Utlegga fordelar seg slik:

Rennfast: kr. 90,— Mortevika-Arsvågen: kr. 121,- (ferjebillett og bompengar)

Trekantsambandet: kr. 80,- Sandvikvåg-Halhjem: kr. 151,- (ferjebillett og bompengar)

Bompengeringen i Bergen: kr. 10,- Nordhordlandsbrua: kr. 45,- Oppedal-Lavik: kr. 79,- (ferjebillett og bompengar)

Ventar ikkje

— Desse tala syner for det fyrste kva slags kjempeoppgåver vi står overfor. Dinest at vi får altfor lite pengar frå staten. Men det syner også at vestlendingane er handlings- og resultatorienterte, og ikkje gjev seg til å venta på Stortinget for å få løyst viktige oppgåver, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland til Bergens Tidende.

Vestlandsrådet, som samlar fylkespolitikarar frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, skal i vinter finna ut kor mykje framtidige anlegg på Kyststamvegen, E 39, vil kosta. Vidare skal dei rekna på kor mykje som kan samlast inn av bompengar til framtidige anlegg.

«Nullstiller arbeidet»

Tala dei kjem fram til, skal leggjast fram for Stortinget som innspel til handsaminga av Nasjonal Transportplan 2006-2015. I forslaget som ligg føre, finst det så lite pengar til Kyststamvegen at Vestlandsrådet kallar det «å nullstilla arbeidet».

Ikkje rart at dei fire vestlandsfylka, og Vestlandsrådet, krev meir råderett over pengebruken og prioriteringane på vegsektoren.

— Vi er glade for at Kommunaldepartementet legg opp til prøveordning med overføring av statleg ansvar på samferdselsområdet, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, KrF, til BT.

Ansvar for riksvegar

Oppgåvene som ein har tenkt skal inn i prøveordninga ser slik ut:

  • Prioritering av pengar til planlegging på riksvegar utanom stamvegnettet.
  • Endeleg prioriteringsansvar for desse riksvegane.
  • Driftsansvaret for ferjene både på riks- og stamvegnettet.

— Dersom det er semje i regionen, bør Vestlandsrådet også få makt til å gjera endeleg vedtak om byggjing av veganlegg, både på riks- og stamvegar, seier Tom-Christer Nilsen.

Og det er nok å ta av i åra som kjem. Berre i Rogaland og Hordaland er fylgjande veganlegg under planlegging:

n Rogfast (24 km lang tunnel under Boknafjorden. Pris: 2,5 milliardar kroner. * T-sambandet (tverrsamband frå Kyststamvegen til Karmøy). Pris: 800 millionar. * Bru over Langenuen mellom Stord og Tysnes. Pris med tilførslevegar: 2 milliardar. * Ny veg mellom Bergen og Os. Pris: 1,3 milliardar. * Arnatunnelen. Pris: 1 milliard. * Nyborgtunnelen: Pris: 1 milliard. * Vossapakken. Pris: 600 millionar. * Hardangerbrua. Pris: 1,3 millia r dar. * Jondalstunnelen. Pris: 400 milli o nar.

Nytt regime

Alle prisoverslaga er sjølvsagt usikre. Av alle desse anlegga er det berre Jondalstunnelen og T-sambandet som ikkje er stamveg. Staten har teke frå fylka retten til å prioritera arbeidet med stamvegane. Likevel er nesten ingen i tvil om at trafikantane også for desse anlegga må betala minst dobbelt så mykje som det staten vil spandera.

— Vi kjem nok ikkje heilt utanom bompengar på desse nyanlegga, men det må vera ei oppgåve å vekkja statlege styresmakter for det ansvaret dei har. Eg trur eit nytt regime kan endra mykje på dette, til dømes eit reint fleirtal på Stortinget med Frp og Høgre, seier Os-ordførar Terje Søviknes.

DYRT LANGS KYSTEN: Denne oppstillinga syner kva eit vogntog på opptil 19 meter må betala i ferjebillettar og bompengar langs ulike vegstrekningar i Sør-Noreg. Den høge summen på strekningen mellom Sogn og Fjordane og Oslo skuldast tre betalingspunkt på Rv. 5: ferje Manhiller-Fodnes, Fjærlandsvegen og Naustdaltunnelen mellom Førde og Florø.<p/> KJELDE: NORCONSULT