• Vi vil bli tøffare, seier Sissel Budal, leiar av det nye «byggjepolitiet» i Bergen kommune.

Sissel Budal vil truleg leie det forsterka byggjetilsynet i Bergen kommune. «Truleg» fordi ho enno ikkje formelt er tilsett.

Denne veka lyser kommunen ut fem nye stillingar, folk som mellom anna skal rykkje ut når naboar og media fortel om ulovleg bygging.

— Vi vil bli tøffare mot føretak som ikkje gjer det vi har blitt samde om at dei må gjere, seier Budal, som har jobba med slike saker i kommunen sidan 2001.

Med nytilsettingane blir talet på kontrollørar dobla frå fem til ti. Minst to av dei skal ha som hovudoppgåve å sjekke påstandar.

— Når folk vender seg til oss, vi vil vere raskare ute og sjå kva det er, seier Budal, når vi spør korleis folk vil merke den nye satsing til byggjesaksavdelinga.

Fleire kontrollørar er eit av fleire tiltak for å skjerpe kampen mot ulovleg bygging, tiltak BT presenterte i førre veke.

Då varsla byggjesakssjef Petter Wiberg at kommunen óg vil straffe ulovlege utbyggjarar strengare enn dei har gjort til no.

Ved å ta syndarane vil kommunen óg hindre urettferdig konkurranse for dei som byggjer slik dei skal. Dei vonar óg straffer vil få ein oppdragande verknad på byggjebransjen.

Naboar som ser ulovlege bygg bli ståande i månad- og årevis, kan likevel bli skuffa. Mellom anna fordi kommunen må forhalde seg til plan- og bygningslova, som gjev utbyggjarar eit omfattande rettsvern.

Til dømes skal ein som har bygd ulovleg søkje om å få bygget godkjent, og er det i tråd med regelverket kan bygget faktisk bli godkjent til slutt.