I år skal det byggjast for knapt 500 millionar kroner, og i tillegg skal sjukehuset nytta vel 100 millionar kroner til å innreia dei nye lokala med medisinsk utstyr.

  • Alt før sommarferien blir det flyttesjau for deler av kreftverksemda. Det nye Parkbygget som ligg rett ved sida av Sentralblokken, er klart for innflytting. Kreftavdelinga skal disponera det meste av arealet i bygningen. Før sommaren skal ein sengepost med 22 senger, dagavdeling og poliklinikk etter planen vera på plass.
  • Til hausten flyttar også hudavdelinga inn i lenge etterlengta nye lokale. Opprustinga av det gamle lungebygget skal då vera fullført.
  • Eit av dei mest synlege ombyggingsprosjekta er akuttmottaket, som delvis blir fullført i løpet av året. Den nye helikopterlandingsplassen, som er planlagt på sjukehustaket, er ein del av denne ombygginga.
  • Byggaktivitet er det også i den delen av ortopedisk avdeling som held til på Hagavik. Det gamle kysthospitalet får splitter nye operasjonsstover til hausten.
  • Men den store flyttefesten på Haukeland blir først neste år. Då flyttar sjukehuspersonalet inn i det nye laboratoriebygget på 2300 kvadratmeter i Haukelandsbakken.
  • Går det slik leiinga i Helse Bergen vil, blir sjukehusa på Haukeland og Sandviken rusta opp for seks milliardar kroner det neste tiåret. Nytt barnesjukehus, ny nevroklinikk og nybygg på Sandviken står øvst på prioriteringslista over nybygg. I tillegg skal Sentralblokken gjerast om og pussast opp.