I 1993 vart Gaularvassdraget verna mot storstila kraftutbygging, men vedtaket nemner ikkje eit ord om bygging av småkraftverk.

Dermed har kommunen og NVE kunne gje løyve til ei rekke utbyggingar, samstundes som den har motteke millionkompensasjon for at vassdraget vart verna. Hittil har rundt 20 prosjekt fått grønt lys.

Fritak for større kraftverk

Olje— og Energidepartementet har no gitt løyve til dei hittil største utbyggingane i det verna vassdraget. Det skjer etter at NVE har fått mandat til å gje konsesjonsfritak for kraftverk på opptil 5 GWh, mot tidlegare 1 GWh.

Det er Vallestadfossen og Grøneng i Gaularvassdraget som har fått grønt lys for utbyggingar i storleiken rundt 5 GWh. I Vallestadfossen sit SFE med fallrettane, og den profesjonelle aktøren forhandlar no med grunneigaren om blant anna eigarskapen i prosjektet.

Nådde ikkje fram

Utbyggingsløyva er gitt på tvers av tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og Norges Naturvernforbund nådde heller ikkje fram i departementet med si klage. Om Grøneng-prosjektet meinte Fylkesmannen at korkje denne utbygginga isolert eller summen av dei mange minikraftverka i området kan aksepterast i eit verna vassdrag. Men både Miljøverndepartementet og Olje- og Energidepartementet meinte noko anna.

— Det vil vere heilt absurd dersom Gaularvassdraget skulle ende med massevis av utbygde fossar. Dette er faktisk ikkje små kraftverk, og det undergrev vernevedtaket viss vi skal sjå mange slike i dei verna vassdraga, seier leiar Erik Solheim i Norges Naturvernforbund.

— Det er nasjonale verdiar som her er verna, og styresmaktene må bli meir restriktive til slike inngrep.

Annleis med SFE

Begge dei nye prosjekta i Gaularvassdraget kan ta ut opptil ti prosent av middelvassføringa i elva.

— I periodane då elva har lita vassføring, vil desse kraftverka ta ut langt meir enn ti prosent av vassføringa, påpeikar Solheim.

Han er også overraska over at SFE vil engasjere seg i den eine utbygginga.

— Eit av departementets argument for desse utbyggingane er nettopp at dei er ei alternativ inntektskjelde til jordbrukaren, og dermed med på å oppretthalde busetjing og aktivitet i distrikta. Dette blir jo heilt annleis når ein aktør som SFE kjem inn, seier leiaren i Naturvernforbundet.

Prislapp: seks-sju millionar

Atle Vallestad er grunneigar i Vallestadfossen, og stadfestar at han ligg i forhandlingar med SFE. Han vil leige fallrettane, medan SFE ønskjer seg inn på eigarsida i prosjektet.

Prosjektet på seks-sju millionar er ei utviding og fornying av det gamle kraftverket i fossen, som var i drift lenge før vernevedtaket kom. Vallestad, som deltok på vernesida under Gaular-striden, meiner det nye kraftverket vil vere mindre synleg i landskapet enn det som er i dag.

— Truleg er avtalen med SFE klar innan eit par månader, seier Vallestad.

Bryt ned respekten

Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE) kan altså no gje konsesjonsfritak på utbyggingar heilt opptil 5 GWh.

— Vi ser framleis stor aktivitet med utbyggingar. Dette følgjer straumprisen, seier Jens Aabel på konsesjonskontoret i NVE.

— Vi vurderer først og fremst sjølve inngrepet og konfliktnivået rundt inngrepet når vi tar stilling til søknader om fritak frå konsesjon.

Ein av veteranane frå vernekampen i Gaular, Johan Rørvik, er oppgitt over styresmaktene si handsaming av desse sakene.

— Når NVE avgjer sakene på slikt grunnlag utan full høyringsrunde, så kan dei jo umogleg vite om utbygginga er i konflikt med allmenne interesser. Då høyrer dei jo berre utbyggjaren sin versjon, seier Rørvik, som i meir enn 30 år kjempa for å verne vassdraget.

— Det aller verste med alle desse utbyggingane er at det bryt ned respekten for vernet.

Rørvik er også kritisk til at styresmaktene er positive til utbygging blant anna fordi det er ei god attåtnæring i jordbruket.

Ny vurdering

— Vernet blir såleis avhengig av om tidene i jordbruket er gode eller dårlege, seier leiaren i den tidlegare verneaksjonen.

Problemstillinga rundt utbygging av mini- og småkraftverk i verna vassdrag skal no vurderast. Olje- og Energidepartementet har bede NVE om å drøfte problemstillinga i samband med at den eksisterande verneplanen for vassdrag skal supplerast. NVE skal levere si tilråding innan februar neste år, og i løpet av 2003 skal Olje- og Energidepartementet vere klar med ein stortingsproposisjon om saka.

SKAL BYGGJAST UT: Vallestadfossen er ein av dei mest markante fossefalla i det verna Gaularvassdraget. Her har grunneigaren fått løyve til å fornye og bygge ut det gamle småkraftverket, og det er i dette prosjektet SFE ønskjer seg inn på eigarsida.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH