Ka dei skulle gjere i idylliske Undredal er uvisst, men rundt halv åtte i dag tidleg køyrde dei inn i eit gjerde like ved kyrkja. Gjerdet blei lagt flatt og bilen vraka. Dei to braut seg deretter inn i ein annan bil, og forsøkte å komme seg vekk frå bygda.

Men alt bråket hadde gjort bygdefolket merksame på dei to. Vegen ut av Undredal blei sperra av ein traktor. Biltjuvane gav seg likevel ikkje, og råkøyringa rundt i bygda enda først på verandaen til eit bustadhus.

Då la bygdefolket dei to i bakken og tok vare på dei til politiet kom. Dei to som er i 20-åra sit no på lensmannskontoret i Aurland.

– Dei kjem frå Bergen, og vil truleg bli sendt tilbake dit i dag. Vi kjenner identiteten til den eine. Han er ein kjenning av politiet, seier lensmann Kjell Nordgulen.