Søndag går bøsseberarar frå «Aksjon 7. klasse» frå dør til dør på Stanghelle. Dei går for elleve år gamle Guro Gullbrå.

Guro har netthinnekreft, og måtte fjerne det høgre auga i ein omfattande operasjon i London i mars. Ho er sterkt redusert etter inngrepet, men skal byrje i 7. klasse til hausten.

For å spare 270.000 kroner har lokalpolitikarane vedteke å flytte nettopp denne klassen frå Stanghelle til Vaksdal skule. Men både foreldre og legar meiner at påkjenninga blir for stor for Guro. No slår bygdefolk ring rundt jenta.

«Aksjon 7. klasse» håpar å samle inn 115.000 kroner, og inviterer Vaksdal kommune på spleiselag. Målet er å oppretthalde drifta av 7. klasse komande skuleår — for Guro si skuld.

Arveleg kreftform

Både pappa Kjell Atle og systera Vårin (7) har hatt netthinnekreft. Men Guro er hardast ramma av den arvelege sjukdomen. Ho var berre eit halvt år den første gongen legane fann svulstar på begge augene. Før Guro fylte eit år, hadde ho vore gjennom ei rekkje strålebehandlingar og cellegiftskurar.

Neste gong gjekk ho i 3. klasse. Då fann dei ein stor svulst i høgre nasebor, som skubba auga hennar ut av stilling. Ny operasjon, denne gongen i Tyskland, etterfølgt av stråling og cellegift.

I september i fjor skjedde det igjen. 6. klassingen hadde svulstar både i bihulebein og nase. Guro vart operert 3. mars, og avslutta cellegiftkuren i mai.

— Denne gongen var det ingen veg utanom. Auga måtte fjernast, fortel mor Else Marie Dyvik Gullbrå til BT.

I tillegg tok dei vekk blautvevet i augnehola, augnelok, beinstrukturar rundt auget og delar av naseskillebeinet.

For svak til å gå med ransel

Guro er sterkt prega etter operasjonen, og det er ei stund til ho er sterk nok til å bere sin eigen ransel. Likevel har Guro vore litt på skulen i vår.

— At vi bur berre 300 meter frå Stanghelle skule, og kan hente henne raskt, har gjort det mogleg. Ho har enno smertekuler etter operasjonen, og må ofte raskt heim for å få flytande morfin, forklarar mora.

— Vi er veldig trygge på dei som arbeider ved Stanghelle skule. Fleire andre unge i bygda har hatt kreft, og skulen veit kva dei har med å gjere. Dei er omsorgsfulle, og tek vare på folk, seier Kjell Atle Gullbrå til BT.

Guro er ei tøff og ressurssterk jente. Men ho grein då ho fekk vite om vedtaket om å flytte 7. klasse til Vaksdal. Også resten av familien er svært uroleg, men presiserer at dei har ingenting imot lærarane eller elevane på skulen.

— Men det er ingen som kjenner Guro der, seier foreldra til BT.

- Ubehageleg blant framande

— Dottera vår får mykje negativ merksemd for utsjånaden sin, og har problem med snottproduksjonen etter operasjonen. Det renn ein del ut av nasen og auga, men Guro har mista kjensla i delar av andletet, og kjenner det ikkje sjølv. Ho synest det er frykteleg ubehageleg å vere blant framande når ho ikkje har kontroll, fortel foreldra.

Guro har legeerklæring frå Haukeland universitetssykehus, som frårår at jenta blir flytta til ein ny skule.

— Vi har prøvd å snakke med kommunen, og forklare situasjonen så godt vi kan. Vi blir overhøyrde. Dette gjeld ikkje store summar for ein kommune som Vaksdal. Derfor er det ekstra sårt at det ikkje blir teke omsyn til Guro.

Guro sjølv håpar i det lengste at ho slepp å byte skule til hausten.

— Eg har helst ikkje lyst. Eg har vore så lenge vekke frå skulen, seier ho til BT.

— Eg kjenner ingen på Vaksdal, verken lærarane eller elevane.

- For gale at dette skjer

Det er sambygdingane Johnny Stanghelle og Ole Kristian Risnes som har teke initiativ til «Aksjon 7. klasse».

— Det er for gale at dette skal skje med ho Guro. Det er ikkje rett å flytte henne no, seier dei to til BT.

— Heile bygda er involvert. For den som er laga av kjøt og blod, og set seg inn i saka, er det vanskeleg å forstå korleis politikarane kunne gjere dette vedtaket.

— Men er det realistisk å tru at politikarane snur i denne saka?

— Vi har undersøkt, og funne ut det er praktisk mogleg å gjere om vedtaket heilt opp til byrjinga av august. Ingenting er umogleg. Det umoglege tek berre litt lenger tid.

«Aksjon 7. klasse» er det store samtaletemaet på Stanghelle for tida - også på nærbutikken, der Eva Tvedt jobbar:

— Eg sa det til mannen min i dag: Eg er nesten flau av å bu i Vaksdal kommune. Heile bygda brenn for denne saka. Vi er forbanna. Dette er lusent gjort mot den vesle jenta, meiner Tvedt.

«Aksjon 7. klasse» har oppretta ein konto med nummer 3530.22.30755. Dersom aksjonen ikkje når fram, går dei innsamla pengane til Støtteforeininga for kreftsjuke born.

AKSJON FOR GURO: Guro Gullbrå har netthinnekreft, og opererte vekk eit auge i mars. Ho skal byrje i 7. klasse til hausten, men politikarane har bestemt at denne klassen skal flyttast frå Stanghelle til Vaksdal. No aksjonerer bygda for at Guro skal få gå på skulen i nærmiljøet. - Det er heilt fantastisk at bygdefolk står på for Guro, seier mamma Else Marie Gullbrå. <p/>MARTE ROGNERUD (foto)