Nilsen overtok naboeigedomen sør om gjestgjevarstaden i 1993. Utan å søkje om løyve sette han nokre år seinare i gang med å byggje eit 100 meter langt kaianlegg. For å få bryggja slik han ville ha ho, blei det utført eit omfattande sprengings— og fyllingsarbeid i strandsona på den idylliske øya.

Det ulovlege byggjearbeidet blei avdekt under ei kommunal synfaring i mai 1997. Arbeidet var då starta i 100-metersbeltet. Gulen kommune kravde deretter stopp, men dette oversåg grunneigaren. Så då kommunen kom på ny synfaring i juni same år, kunne dei konstatere at arbeidet med den gedigne kaia var på lag ferdig. I ettertid søkte så Kenneth Nilsen om byggjeløyve og dispensasjon frå kommuneplanen i området.

Rive og politimeldt

Bergens Tidende fekk i går innsyn i eit omfattande offentleg saksmateriale etter at det blei slått alarm om det ulovlege byggjearbeidet. I saksdokumenta nytta både Gulen kommune, fylkeskommunen og ikkje minst Fylkesmannen i Sogn og Fjordane svært sterke formuleringar om Nilsens byggjeaktivitetar.

Kultur- og næringssjefen i kommunen påpeika at strandsona hadde blitt privatisert. Fylkesmannen meinte kommunen skulle påleggje Nilsen å rive anlegget. Dei ville også ha saka meldt til politiet, og rådde sterkt frå at han i ettertid skulle få dispensasjon for å ha gjort noko han ikkje hadde lov til.

— Vi ser svært alvorleg på at det er sett i gang bygging, utan at det er søkt om dispensasjon eller byggjeløyve, skreiv miljøvernavdelinga den gongen.

I den uvanleg klåre fråsegna let ikkje miljøvernavdelinga det vere særleg tvil om at dei meinte grunneigaren sør på Skjerjehamn visste at han ikkje hadde lov til å gjere det han hadde gjort. To år tidlegare, i 1995, fekk han nemleg nei til å byggje bustadhus i same området. At det etter dette avslaget blei starta ulovleg arbeid på eit mykje større prosjekt, meinte Fylkesmannen gjorde saka ekstra alvorleg:

— Det er viktig at kommunen følgjer opp denne saka.

Angrar

Planutvalet i kommunen gjorde det. Dei avgjorde at Nilsen måtte fjerne så godt som heile anlegget. Berre ei mindre kai skulle få stå. Alt anna ulovleg arbeid skulle rivast og fjernast, og området i størst mogleg grad førast tilbake til opphavleg tilstand.

Det skjedde aldri. I staden gav kommunen til slutt etter. Det blei laga ein felles reguleringsplan for heile Skjerjehamnøya, der Nilsen fekk lov til å ha kaianlegget ståande, og dessutan føre opp tre utleigehytter.

— Det er ei avgjerd eg angrar bittert på i dag, seier ordførar Trude Brosvik.

Ein av grunnane til godkjenninga var i følgje ordføraren at Nilsen lova å samarbeide med dei dåverande eigarane av gjestgjevarstaden om utleige av hyttene.

— Det skjedde ikkje. Eg har ikkje detaljkunnskap om korleis grunneigaren har nytta hyttene, men slik eg kjenner det har dei aldri blitt leigde ut på den opne marknaden, seier Brosvik.

Jaga

Etter at BT i går skreiv at Nilsen vil søkje å hindre at oppdrettar Ola Braanaas får setje opp kongestatuen på Skjerjehamn, blei avisa kontakta av fleire personar som kjenner historia om kaibygginga. Andre ringde og fortalde at dei har blitt jaga vekk frå strandsonen. Gulenordføraren stadfestar at kommunen har fått slike tilbakemeldingar.

— Det er korrekt at vi har høyrt slike historier. Dette er i strandsonen der det i utgangspunktet skal vere fri ferdsel. I tillegg eig kystverket moloen som vegen ut til Skjerjehamn er bygd på. Vi reknar dette i høgste grad som eit offentleg område, seier Brosvik.

BT prøvde i går å få kommentar frå Kenneth Nilsen til saka om ulovleg bygging. Nilsen blei oppringt to gonger rett etter kvarandre. Begge gongene blei samtalene brotne. Rett før siste samtalen blei broten sa Nilsen:

«Vi får snakkes en annan dag».

Etterpå sende vi Nilsen ei tekstmelding der han på ny fekk tilbod om å kommentere den ti år gamle byggjesaka. Det kom aldri noko svar på denne sms-en før avisa gjekk i trykken.

ULOVLEG: Dette kaianlegget blei oppført ulovleg. Kommunen gav først ordre om riving, men gav til slutt etter og gav i tillegg løyve til å føre opp tre utleigehytter. I bakgrunnen den gule hovudbygningenpå gjestgjevarstaden.
oddleiv apneseth