Av Vincent Eye Færavaag, Stord

Han som var fødd millom tronge fjell på Dale 9. juni 1948, vart ein kystens mann, slik òg den eldre broren, Erling, er det. Sei namnet Viksund, og kystfolket langs heile nordsjø-bassenget ser føre seg plastsjarken, som fører vidare linene i norsk trebåttradisjon frå 50 – 60 ættleder attende. Stein Ove hadde sin umisselege plass i dette norske industrieventyret.

Meir enn noko anna var Stein Ove medviten si rolle som tradisjonsberar: Fyrst som medarbeidar og seljar i Viksund Båtbyggeri, frå selskapet sin uppstart 1968 til 1983, med heile verda som arbeidsfelt. Sidan, i 1993/94, og då som sjølvstendug båtbyggjar i Risøyhamn, då han rista utor ermet «Juvelen», sjarken som rir brimhestane som ei dronning på sin gangar.

Til frygd og gagn for fiskargut. Og løyndomen? Den låg i «botnane», som Stein Ove aldri vart trøytt av å understreka; botnane, som skulle bera si last og sitt mannskap trygt attende i støa til deim som sat heime og venta. «Juvelen», heimehøyrande i Andenes, tener som bauta over båtbyggjaren, alt medan norsk fiskeripolitikk legg kysten aude, for skuld «vesalheita hjå deim som rår på ting». Harde ord? Javel, men orda fall ikkje på steingrunn. Stein Ove hev sett ord på ein byrjande motstand mot «ovnøytas svorne flokk», slukhalsane som trålar Barentshavet tomt for fisk

Kva heiter ditt folk?

Stein Ove Viksund trødde sine politiske barnesko i Bergen Unge Høgre, der han sat som formann tidleg på 70-talet. Han var verdikonservativ frå fot til isse. Han hadde age for dei gamle, for kulturarven, men liten sans for konvensjonalisme, som ikkje spør etter kva som er rett og gale, men kva som tek seg best ut. Hjå hine.

Slik naturelskaren Stein Ove søkte seg mot høgaste nutane for fritt utsyn, såg han livsens tilvære frå høgaste tinden. Kva heiter ditt folk då, spurde han, og sim-sala-bim, hadde han synt slektskap og ferdslevegar, som batt folk i hop – til den herlege samtalen — og til venskap.

Ikkje berre var han venesæl, men på sin trygge grunn, førde han folk saman, frå fjerr og nær. Utan Stein Ove sine magiske evnor til å nå fram til djupgrunnen i kvar og eín, ville den mangslungne flokken aldri ha ansa einannan, korkje til kvardags eller fest. Vart du fyrst dregen inn i krinsen, slapp du aldri utatt. Um ikkje Storemannen henta deg.

Stein Ove Viksund hadde ein karisma det går gjetord um. All stad han kom, serleg i nord, vart han teken imot som ein hovding. Han hadde ein karisma som synte seg før han hadde runda nova. Smilande. Undrande som eit barn i si uskuld. Standande i den gamle forteljartradisjonen, og med humor som berebjelke, vart livsgåtone utreidd - i den store stil Han elska sin Søren Kierkegaard. For: Daning og dygd kan du ikkje henta frå bøker og førelesingar. Nei, Stein Ove hadde den daning som torer syna sitt indre vesen utover. Mot oss. I all sin venleik.

Mot nord

Saman med May Yvonne Paulsen, dreiv dei to Risøyhamn Gjestehus gjennom det siste tiåret. Det er rimeleg å tru, at det ikkje var til vidare plage at gjestone kom att, år etter år. På jonsokkeftan i år gifta dei to seg i Bukkekjerka, vest på Andøya. Sognepresten såg seg nøydd til å seia nei til å vigsla deim. «For Bukkekjerka er ikkje vigsla». «So skaff meg ein feltprest, då,» sa Stein Ove og lo. Og slik vart det.

Stein Ove Viksund var eit mirakels av ein mann. Kunnskapsrik til ut på fortauget, varm som ein masomn, ein kontaktskapar av Guds nåde, som nytta telefonen, slik den romerske legionæren visste å leva med «sverdet ved sin lende». Alltid til handars. «Kjære, korleis står da´ te´ me´ deg, dar neré?» Totte han at du høyrdest noko molefonken ut, song han 30 vers av Ormen Lange. På færøyisk. For ei gleda å ha kjent den mannen!

Stein Ove Viksund, stril og verdsborgar, bar sin døyanddom, slik dei gamle skaldane skildrar sine heltar. Med May Yvonne ved si side, fekk han uppleva sine siste dagar uppe i sine kjære fjell, saman med venen Jens Lorentzen og familien hans. Samværet gledde honom umåteleg. Han var reisebudd.

Stein Ove døydde på fredfyllt vis etter ein stutt, men heroisk strid mot sjukdomen. Han gjekk dauden i møte med stoisk ro og vyrdnad. Med eit smil – og kontante replikkar. Som alltid. Tankane våre går til kona May Yvonne, Ann May og Sisilja, dei to døtrene frå tidlegare ekteskap, mor Kristi og broren Erling og resten av familien.