TERJE ULVEDAL

Ikkje nett noko minikraftverk. — Vi har gjort som Sponheimen vil, flirer Bjarne Sagevik.

Den høgfrekvente lyden frå kraftverket ber langt i den stille vinterdagen. Inne i kraftstasjonen er berre ein av dei to turbinane i drift. Sidan slusene blei opna for snart tre veker sidan har himmelen stort sett vore blå, og vassføringa i Sagevikelva langt under normalen. Men regnet som vil komme, skal gje gardbrukarane kjærkomne ekstrainntekter frå sal av kraft.

Frå ein 1500 kubikkmeter stor dam blir vatnet ført gjennom ei 1400 meter lang røyrgate ned til kraftstasjonen ved Sagevik på kommunegrensa mellom Fjaler og Gaular. Fallet er på over 300 meter, og den store fallhøgda gjer at Sagevikelva Kraftverk kan produsere 15 millionar kilowattimar straum i året.

Uaktuelt å leige vekk

Grunneigarane Bjarne Sagevik, Anne Fleten og Jens Norvald Sagevik skvatt då dei på slutten av 90-talet fekk vite prisen på kraftverket, og kor mykje straum det kunne produsere.

— Men det var aldri aktuelt å leige vekk fallrettane og la eit energiselskap stå for utbygginga. Vi kjem til å tene ein god del meir på å eige og drive anlegget sjølv, seier Jens Norvald Sagevik. Før naboen Bjarne viser til at store kraftselskap siste åra har kasta augene sine på utbygging av småkraftverk:

— Er det nokon som trur at dei vil kjøpe opp og byggje ut, utan å tene pengar på det?, spør han retorisk.

Men kor mange kroner som kan trille inn i gardsrekneskapen, vil kraftverkeigarane ikkje ut med.

— Det er jo avhengig av Vår Herre det. Er han raus med vatnet kan det jo bli litt. Men det blir vel først og fremst etterkommarane som vil hente ut vinsten, trur Bjarne Sagevik.

Styrt frå stova

I Sagevik er heile kraftverket automatisk styrt. Følarar avgjer om ein eller begge generatorane skal gå. Heime frå stova kan Bjarne Sagevik overvake alt via PC-en.

Grunneigaren i Dalsfjorden har selt all krafta dei produserer til Tussa Kraft på Sunnmøre. Avtalen gjeld for tre år.

— Det var dei som kom med det beste tilbodet. I følgje andre i bransjen har vi fått ein god avtale.

Arbeidet med tomta tok til i juni i fjor. I september starta legginga av røyrgata. Og i februar prøvekøyrde dei anlegget. Alt har så langt gått knirkefritt, bortsett frå at kraftprodusentane har ein mistanke om at dammen i 300 meter høgde lek. Men det kan dei ikkje få gjort noko med før til sommaren.

— Eigarane bør få ha dei godene som er på gardane. Vi har nytta ein ressurs for å skaffe oss ekstrainntekter. Er det ikkje det Lars Sponheim seier bøndene skal gjere?, spør Bjarne Sagevik.

HJARTET I KRAFTVERKET: To generatorar gjer vatn til watt i Sagevikelva Kraftverk. Totalt kan kraftverket forsyne over 600 husstandar.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH