Alt før Osbanen kom i drift i 1894 hadde mange bønder i bygda tent nokre ekstraskillingar på å leiga ut husa sine til byfolk om somrane. ”Landliggere” vart dei kalla desse som flytta inn i stovene på gardane, medan husbondfolket flytta i kjellaren, på eldhuset eller på stabburslemen. Familiane kom og var heile skuleferien. Far sjølv kunne berre vera der i helgane og i sin eigen ferie. Særleg Hauge og dei andre gardane på austsida av Osøyro var tidleg ute, men det var landliggjarar mange andre stader i bygda òg. Eit vilkår var nok at det var i rimeleg avstand frå dampbåtbryggje eller jernbanestasjon. I Nordstrøno søkte dei om fast dampbåtsamband i 1905, og grunngav det mellom anna med at det var bygd fem nye hus der, og med fast båtsamband ville det vera større von om å få byfolk til å bu der om sommaren. Prisane dei betalte ymsa mykje. Tidleg på 1900-talet betalte familiane 200 kroner for å vera ein sesong på Lyssand eller Bø, medan dei betalte 50 kroner på Søre Neset.

Hotell og pensjonat

På 1880-talet vart det bygd tre hotell på Os: Osøren Hotell som låg om lag der rundkøyringa på Osøyro er i dag, Nielsens Hotell eller Prinsahotellet som det vart kalla, som låg der Midtpunkt ligg i dag, og Elvigs Hotell som dei som er gamle nok hugsar som den gamle bygningen til Os Forbruksforening, om lag der Oshjørnet ligg i dag. Desse hotella var nok bygde for både landliggjarar og gjennomreisande. Det kom òg fleire pensjonat, mellom anna på Kuven. Det prektige sveitsarhuset som vart bygd til føremålet pyntar i landskapet framleis. I 1895 kom også Solstrand Hotell, utan samanlikning det mest suksessrike av alle desse turisttiltaka.

Men dei verkeleg rike nøgde seg ikkje med å bu på hotell på Osøyro. Dei ville eiga sine eigne bitar av bygda, og helst dei aller finaste. Sjå berre på det vakre området dei fyrste par kilometrane frå Osøyro og austover langs fjorden.

Rike grannar

Fyrst ute var Johan Anton Mohr Mowinckel. I 1883 kjøpte han Molda, som nokon på eit tidspunkt tok til å kalla Moldegård. Før det hadde han vore landliggjar på Hauge, og det var vel slik han vart kjend med Molda. Molda var ein stasgard, og ein av nokre få i bygda som aldri hadde lege under nokon av dei store jordeigarane som elles åtte om lag heile bygda. Johan A. Mowinckel var ein av dei som skaut mest pengar inn i Osbanen, og såleis ein av dei som gjorde det mogleg å byggja han. Han var kjøpmann og skipsreiar i Bergen. Sonen hans, som heitte Johan Ludvig, overtok i 1918. Han var også skipsreiar, men er likevel mest som statsminister i Noreg i tre periodar.

Ein annan som skulle verta statsminister i Noreg, Chr. Michelsen, kjøpte det vesle bruket Haugstræet i 1895 og bygde Solstrand Hotell der. Det er ikkje lange stubben mellom dei to eigedommane, dei to statsministrane var nærast som grannar å rekna. Medan alle dei tre hotella på Osøyro var nedlagde og bygningane tekne til andre føremål før 1920, hadde Solstrand noko større suksess. Vakrare stad å byggja hotell skal ein også leita lenge etter. Chr. Michelsen åtte også fleire andre eigedommar i Os, mellom anna i Mobergslia, det som seinare vart Chr. Michelsens Barnehjem.

Glitre heiter granneeigedommen til Solstrand mot Os. Den kjøpte kjøpmann Kroepelien i 1898 og bygde sommarbustad der. Han selde seinare til Joachim Grieg, i 1933 overtok familien Galtung Døsvig frå Bergen og dei har eigedommen framleis. Det neste bruket heiter Lyngheim. Det kjøpte kjøpmann August Wallendahl i 1898 og bygde sommarbustad der. Seinare vart eigedommen seld til skipsreiar Reiersen, også frå Bergen. For nokre år sidan kjøpte kommunen denne eigedommen frå Reiersen-familien. Også andre stader i bygda kom byfolk med romsleg bankbok og kjøpte fine eigedommar, som Horn-familien på Ferstadneset, Jebsen i Kobbavågen på Røtingjo og fleire andre i dei vakre områda mot Bjørnafjorden og Krossfjorden.

Hyttefolket overtek

Etter kvart minka det med landliggjarane, det var vel berre sporadiske tilfelle att etter siste verdskrigen, og i staden for å leiga seg inn på gardane kjøpe byfolket seg tomtar og bygde hytter. Dermed var forholdet mellom bygdefolket og byfolket på landet annleis. Landliggjaren budde i stova til bonden, dei levde innpå kvarandre. Sjølvsagt var dette ein demonstrasjon på kor ulikt livet arta seg for dei velståande byfolka og dei mykje mindre velståande bygdefolka. Bygdeborna kunne berre drøyma om å få sova halve dagen og leika når dei ville, slik byborna gjerne kunne, og bonden og bondekona kjende nok sterkt på klasseskilnaden. Men ungane leika i lag og dei vaksne vart kjende med kvarandre, dei delte hus og båt og det utvikla seg endå til venskap.

Med hyttefolket vart dette annleis. Dei har sin eigen vesle flekk som dei hegnar om, dei eig sin eigen båt, sitt eige båtfeste og er ikkje avhengige av nokon. Dermed er dei nære banda mellom fastbuande og bygjestene brote. Somme er lei seg for det. Andre er sikkert berre glade til.

Kjelder:

Anders Kåre Engevik: Ruteferdsla mellom Bergen og Indre Midthordland, artikkel i Bygdesoga for Os, 1980

Erik Vangsnes: Landliggjarliv i Os, artikkel i årsskriftet ”Osingen” 1988

Nils Georg Brekke: Byggeskikk og bygningsvern. Om ”Landliggere” reiseliv og byfolk på landet, artikkel i årsskriftet ”Osingen” 1990

Solstrand Hotell frå kring 1920. Ukjend fotograf. Lokalhistorisk arkiv, Os.
RUNE STØLÅS