Lågare verkstadprisar gjer turen lønsam. Både timepris og fastpris på periodisk ettersyn er rimelegare enn i byen.

Innbyrdes har dei sju-åtte merkeverkstadane lagt seg ganske likt i pris. Overraskande er det kanskje at VW, Audi og Skoda-forhandlaren HMV Bilsenter AS er billegast med ein netto timepris på 545 kroner. I tillegg kjem 6 prosent for verkstadmateriell (skruer, olje og småtteri som ikkje blir ført på reservedelislista) og 24 prosent moms.

Men Mazda-forhandlar Langeland Auto AS i Skulestadmo ligg berre ei einsleg krone bak, på nettoprisen. Dei dyraste krev 560 kroner pluss moms og 8 prosent for verkstadmateriell. Ein av verkstadane har sett eit tak på 250 kroner per jobb for verkstadmateriell.

Ein viktig grunn for prisskilnaden er tilgangen på stødig arbeidskraft. Verkstadane hentar lærlingar frå yrkesskulen, lærer dei opp på sine bilmerker, og har dei i arbeidsstokken i årevis.