Det har gått spor over fjellet i hundrevis av år. Over fjellet bar dei bører, varer, kjøt, mjølk, egg, grønsaker til torgs. Over fjellet drog dei kistene med dei døde. Over fjellet gjekk dei til kyrkje og til arbeid. Over fjellet har liksom aldri vore noko heft. Fjellet var no berre der, og det laut ein ta omsyn til i kvardagen.

«Der skulle vi ha vore ...»

Vi tek heller vegen. Køyrer rundt, under, over eller gjennom fjellet. Skrapar frontruta, set på varme i seta, tenner trådane i bakruta, slik at snø blir til vatn. Set på radioen og sløvar heile vegen til by'n. kastar kanskje eit blikk inn i Jordalen når vi kjem til Eidsvåg og tenkjer at «oppå der, oppå der skulle ein ha vore».

No er det der vi er. Siglande på silke ned mot Jordalsskaret, lener oss mot venstre og renn over kammen til Heggjebotsskaret før vi gyv laus på kneikane opp mot Rundemanen. Så er det berre utforbakke like ned til asfalten på Skansen. Og enno er ikkje klokka meir enn vel ni om morgonen.

Sju-nyheitene blei nett utannonsert då vi labba inn mellom snøtung gran på skogsvegen øvst i Hjortlandsdalen. Eg har tenkt ei stund på at eg skulle gå på ski til arbeid, og i dag trefte det, i dag var høvet eg har venta på. Fjellet er ikkje noko heft. Fjellet lokkar med kvite vidder og mjuke renn. Ingen kan ha likare arbeidsveg.

Aldri vakrare

Berre ravn og rype og rev har sett spor i nysnøen før oss denne morgonen. Morgonsola kjempar med Borga, der vi kosar med Skitnedalen, på veg opp til Vardegga og Grønetua (642 moh.). Det glitrar liksom i diamantar når sola har sigra, og snart er stigningane unnagjort.

Turkamerat Claus og eg har skjemta om at det alltid går an å ha det litt betre. Uansett kor godt ein har det, går det alltid an å ha det litt betre. Ikkje mykje, kanskje, men litt.

No sprutar puddersnøen rundt skituppane på veg ned bakkane mot Tranehytten, og vi er ikkje sikre lenger. Eg kan ikkje hugsa å ha sett Byfjella vakrare, kvitare, mjukare. Snøen som skapte kaos langs vegane, har laga eventyr til fjells.

— Dette klarer du ikkje å formidla med ord, Knut, seier Claus, og eg veit han har rett. Ord yter ikkje rettferd til opplevinga. Bilete kan ikkje meir enn så vidt gje eit inntrykk av stemningane. Ein må ha vore der, ein må villa dit.

Eg vil dit. Eg vil alltid dit. For det ventar spor oppå fjellet. Og har ein først kome seg på jobb, lyt ein heldigvis heim att ...