— Om Clear Channel går til rettssak, då seier eg at vi i alle fall får litt identitet tilbake. Då kan vi vere stolt av å vere bergensere.

Replikken frå Trond Hjelmeland hamnar i god jord i den fullsette salen på Folkets Hus. Representantskapsmedlemmene ler og klappar. Stemninga i Arbeiderpartiet i Bergen har snudd.

Fyrt opp av meldinga om at Clear Channel trugar med erstatning viss bystyret seier nei, bankar lokalpartiet gjennom eit samrøystes nei til avtalen partiet sjølv var med på å ta initiativ til bare fem dagar før Høgre kasta dei ut av byrådskontora i oktober 2003.

I snuoperasjonen to år etter hentar lokallaget argument frå den raudgrøne regjeringserklæringa. Regjeringa går inn for å «begrense kommersialiseringen av det offentlege rom». Mykje er endra i Ap sidan 2003.

Ingen klager i Stavanger

— Eg kan ikkje seie eg har fått ein einaste negativ reaksjon etter at vi fekk reklamefinansierte busskur for fire år sidan.

Arbeiderpartiets gruppeleiar i Stavanger bystyre, Odd Kristian Reme tenkjer litt til. Nei. Ingen har klaga. Før derimot, då klaga folk over skitne og nedtagga busskur. Men ikkje etter JCDecaux tok over i 2001.

Reme ser over på ei smilande Nina Galta, som har tatt BT med inn på Remes kontor i Stavanger rådhus. For to veker sidan stod ho, Aps nummer to i Stavanger, fram på Clear Channel-høyringa til bergenspolitikarane, og fortalde at alt var fint i Stavanger. Ingen klappa.

— På møtet i Bergen følte eg nesten at eg måtte beklage meg for at erfaringane er så positive i Stavanger, seier ho.

Oljebyen har 100 reklamefinansierte busskur, og fire reklamefinansierte toalett. Avtalen er nettopp utvida med 18 nye busskur.

I 2001 stemte alle parti unntatt RV for avtalen. Fire år seinare er stemninga like positiv.

- Kjempefine toalett

— Toaletta er kjempefine!

Med ein strålande entusiasme tek Galta oss med på omvising i byen. Busskur og reklametoalett i praksis. I Stavanger er området rundt Breiavatnet og Domkyrkjeplassen skjerma for busskurreklame, på same måte som Bryggen og Torgalmenningen skulle skjermast i Bergen.

Men franske JCDecaux har fått langt fleire reklameflater per busskur enn Clear Channel låg an til å få i Bergen.

Det blir litt stille når vi fortel kva avtale Bergen seier nei til, og spør om ikkje Stavanger har selt seg for billig.

— Det kan hende diskusjonen hadde blitt litt annleis viss vi skulle inngått avtalen i dag, vedgår Galta.

Reklameknusarane

— Ble det nei!? Så da blir det ikkje noen avtale? Så kuult!!!

Det er fredag 21. oktober, og vi fortel Åse Brandvold at KrF og Venstre i Bergen kvelden før falt ned på nei-sida, og dermed sikrar fleirtal mot Clear Channel-avtalen.

Tidleg i 2004 skreiv ho ein artikkel mot byromsreklame i Samtida, som var med på å starte ordskiftet om denne typen reklame her i landet.

Brandvold er sentral i det internasjonale anti-reklamenettverket Adbusters, eit «aksjonsbasert nettverk for 'mentalt miljøvern».

Så vidt ho veit er det berre Kragerø som har sagt nei i Noreg, før Bergen. Det viktigaste er likevel måten det har skjedd på, meiner Brandvold.

— Det er ein stor seier for demokratiet, for dette er den første byen der reklamefinansierte byromsmøblar har blitt demokratisk behandla.

I Bergen har avtalane blitt henta ut frå det politiske bakrommet, seier ho.

«Intellektuelt opprør»

Berre ei veke før KrF snudde i Bergen, karakteriserte varaordførar og gruppeleiar for KrF, Kristian Helland, motstanden mot avtalen som «et opprør blant en intellektuell kunstnarisk elite med tilhald i Bergen sentrum»

— Eg vart litt provosert, vedgår Trygve Svensson, dagleg leiar i kunsthendingsarrangøren Kunstplikt.

Han er ei av eldsjelene i «Byen vår», eit nettverk som har kjempa hardt mot Clear Channel-avtalen. Dei fleste her er kunstnarar og kulturarbeidarar, og har bidrege til den massive oppslutninga mot avtalen i byens kulturmiljø.

Ein av kulturarbeidarane som tidlegast engasjerte seg mot Clear Channel-avtalen, er Nattjazz-general Jon Skjerdal.

— Eg tykkjer avtalen er så hakkande galen fordi det er ein avdemokratisering av det offentlege rommet. Eit anna moment er at det gjev eit straumlinjeforma visuelt uttrykk i alle verdas byar, som går i stikk motsett retning av kulturlivet, der det er meir snakk om å dyrke ulike regionars eigenart, seier Skjerdal.

Vi e'kje frå Noreg...

Kva betyr så Bergens nei til Clear Channel-avtalen?

— Det bidreg til ei bevisstgjering om reklame i det offentlege rom, og det trur eg vi berre må sjå som eit sunnheitsteikn. Men at det vil føre til stopp for alle tenklege samarbeid med kommunar, byar og tettstader, trur eg ikkje noko på, seier ansvarleg redaktør Hans Hjellemo i reklamebransjens eige blad Kampanje.

Reklamemotstandar Åse Brandvold har større voner:

— Dette betyr mykje, fordi Clear Channel ville bruke Bergen som brekkstong for å opne Vestlandet, seier ho, og siktar til byar som Ålesund, Molde, Kristiansund og Førde.

Men likevel kor det går med verda elles, har i alle høve bergensarane fått ei stadfesting dei likar: Dette er ikkje ein by heilt lik alle andre.

GODT NØGDE: Ikkje ein einaste negativ reaksjon har Stavanger kommune fått etter at dei opna for reklamefinansierte busskur for fire år sidan. Nina Galta og Vidar Røyland er godt nøgde med resultatet.
ØRJAN DEISZ