Dei siste fem åra har folk i Sogn og Fjordane auka reisefrekvensen til Bergen med 30 prosent.

— Over ein så kort periode som fem år er dette ein formidabel auke, seier spesialkonsulent Idar Mo i fylkeskommunen.

Det er i ei stor reisevaneundersøking som Sogn og Fjordane fylkeskommune presenterte i går at endringane i folks reisevanar kjem fram. Liknande granskingar har vore gjennomført dei siste 15 åra, men det er først dei siste fem åra at endringane er markerte.

Betre vegar

Samanlikna med granskinga i 1997 har talet på bergensreiser gått opp frå 1,7 til 2,7 per innbyggjar i året. Til samanlikning reiser kvar innbyggjar i Sogn og Fjordane no i snitt 0,9 gonger til Oslo.

Årsaka er sjølvsagt, meiner Mo:

— Vegstandarden er blitt langt betre. Undersøkinga viser at folk i Sogn og Fjordane i stadig større grad set seg i bilen når dei skal til Bergen. Til og med ved kysten, der ekspressbåten ofte er raskare, køyrer folk no sjølv, seier Mo.

Granskinga viser at bruken av dei tradisjonsrike båtsambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen er i fritt fall. For ti år sidan tok 60 prosent båten. No har dette sambandet 41 prosent av trafikken.

Handel og moro

Til Bergens Tidende seier Mo at det ikkje kan vere tvil om at Bergen tar tilbake statusen som byen for Sogn og Fjordane. Medan indresogningar i ein mannsalder har hatt Oslo som sitt førsteval for storbyreise, har opninga av Lærdalstunnelen ført til eit dramatisk skifte. På få år er reisevanane snudd.

— Vi ser at folk i Indre Sogn reiser nesten like ofte til Bergen som dei som bur nær E 39, kommenterer Mo.

Undersøkinga viser at sogningar og fjordingar oftare dreg til Bergen på helgeturar for å nytte seg av fritids- og kulturtilbod. I tillegg aukar også kjappe handleturar.

Subsidierer Bergen

— For Sogn og Fjordanes eigne servicesenter representerer dette ei klar utfordring, meiner Mo.

Han meiner tida er inne for ein kritisk gjennomgang av korleis samferdslekronene blir brukte. Samstundes med at trafikken med ekspressbåtane går ned, har Fylkesbaatane nett investert i ein ny hurtigbåt.

— Det er på tide å vurdere om ikkje subsidiane heller bør brukast på betre bussamband internt i Sogn og Fjordane. På den måten kunne vi, for ein langt billegare penge enn kostnadene med ekspressbåten, laga eit velfungerande transportopplegg mot eigne sentra. Vi bør kanskje tenkje meir på vårt eige, enn å sende subsidiar til Bergen, seier Mo.

— Men vegane er jo like gode begge vegar. Reiser folk oftare frå Hordaland til Sogn og Fjordane?

— Det seier denne undersøkinga ingen ting om.