NSB fekk mykje kjeft frå det politiske miljøet i Bergen for på nytt å spela inn flytogplanane rett før Stortinget skulle seia ja eller nei til bybanen. I visse samanhengar er det konkurransetilhøve mellom dei to prosjekta, i andre ikkje.

Til Bergens Tidende sa stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (bildet) ja takk, begge delar. Vil staten bygga flytog til Flesland, i tillegg til at Bergen får bybane, er det bra. Kostnaden er likevel berre ein brøkdel av det flytoget (Gardermobanen) staten har spandert på Oslo.

I Stortingsdebatten om bybanen sa Halleraker (H) seg lei for at NSB var i utakt med bergenspolitikarane og Jernbaneverket. Og Hallgeir Langeland sa frå same talarstol at SV gjerne vil ha bybane i alle retningar i Bergen (ikkje berre første byggesteg Sentrum-Nesttun), også i samarbeid med NSB. Hans partifelle Ågot Valle gav uttrykk for det same.

— Som trafikkselskap ser vi det som svært spennande å kunne utvikla eit togtilbod til Flesland, seier Marit Petersen i NSB til Bergens Tidende.

Men ho presiserer at det først og fremst er politikarane som må fremja saka overfor Jernbaneverket.

— Men dei er mest opptekne av dobbeltspor gjennom Ulriken?

— Det er vi i NSB også. Dobbeltsporet trengst for avviklinga av togtrafikken på Bergensbanen. Men det er også viktig for eit eventuelt flytog. Lønsemda blir langt betre når tog frå Flesland kan gå vidare til Arna eller Voss, og omvendt, forklarer Petersen.