NSB har fatta stor interesse både for bybane og byarena i Bergen, men set klare vilkår for å vera ned: Brann Stadion må ikkje flyttast til Nygårdstangen.

Gjorde seg lekre

I går gjorde NSB seg lekre for bergenske politikarar og næringslivstoppar ved å invitera på togtur til Voss med det nye Signaturtoget; folk som både kan bli gode togkundar, og som er med på å avgjera storsatsinga i byen. Av dei fire aktuelle alternativa for byarena med ny stadion for Brann, stiller NSB seg heilt avvisande til plassering på Nygårdstangen. Dette området har dei sjølv framleis bruk for til godstransporten, forklarar viseadministerande direktør Arne Wam i NSB til Bergens Tidende. — Legg ein stadion til Minde, kan NSB vera ein aktiv medspelar, fortalde Wam sine spesialinviterte togpassasjerar i går. - NSB eig to tredelar av den 45-50 mål store tomta på Minde, og kan frigjera Kronstadtraseen på gamle Vossebanen til bybane. Dermed kan 300-350 millionar kroner sparast, sa han under foredraget på Fleischer's Hotell.

Legger ned på Minde

NSB vil legga ned vognlastterminalen på Minde fordi vognlast-gods er på veg ut. Derimot vil NSB ha garantiar for å kunne bruka området på Nygårdstangen også i framtida. Tanken om felles selskap for bybane og forstadtog til Arna, ser NSB i ein større samanheng, og han har tankar om tilsvarande i Stavanger og Trondheim. NSB sin signingstur med Signatur heldt i går fram med Stasjonens Dag på Voss, der mykje folk var frammøtte. Ein kunne høyre på Arne Hjeltnes, Jørn Hoel, ordførar Bjørn Christensen og Blekkulf.

«LEGG STADION TIL MINDE»: NSB har fatta stor interesse for bybane i Bergen. - Men nye Brann Stadion må ikke flyttes til Nygårdstangen, sa viseadministrerande direktør Arne Wam.
FOTO: ARNE HOFSETH