Hordaland fylke treng mellom 400 og 500 millionar kroner årleg til riksvegar for å fullføra Bergensprogrammet og andre planlagde veganlegg i Hordaland.

Det skal halda hardt, ettersom Hordaland fylke no er langt nede på 200-talet. Og alle utsegner, både frå vegdirektøren og samferdslekomiteen i Stortinget, tyder på at utbytet vert magert også i åra som kjem.

— Det ser ut til at det trengst låneopptak for å få nok pengar til Bergensprogrammet. Vi har ingen signal som tyder på at programmet vil få pengar frå staten utanom dei faste fylkesfordelte rammene, seier Per Steffen Myhren ved Statens vegvesen til Bergens Tidende.

2,6 milliardar

Samferdsleutvalet i fylket handsama tysdag ei sak om riksveganlegg for planperioden 2006-2009. Berre i Bergen vil dei tre store anlegga, bybana, Ringveg vest og Skansentunnelen, ta 2,6 milliardar kroner. Den statlege delen av dette vil etter planen liggja på rundt 1 milliard kroner. Resten skal hentast frå bompengeringen.

Riksveganlegg utanom Bergen med godkjende planar summerer seg til ca. 800 millionar statlege kroner.

Summert saman med dei tre anlegga i Bergensprogrammet, treng Hordaland fylke då langt over 400 millionar kroner for året for å oppfylla alle ønskje.

Seks anlegg ventar pengar

Desse riksveganlegga ligg til grunn for kravet om auka løyvingar i perioden 2006-2009:

n Rv 57 Åse-Herland i Lindås kommune. Til saman 2,6 km ny veg kostnadsrekna til 100 millionar kroner.

n Rv 544 Halsnøysambandet, som m.a. inkluderer ein 4,1 km lang undersjøisk tunnel mellom Halsnøy og fastlandet i Kvinnherad. Pris: 325 millionar kroner.

n Rv 546 Huftarøy-Hundvåkøy, eller Austevollsbrua. Det er eit 3,8 km langt anlegg med sjøfyllingar og bruer. Pris: 260 millionar kroner.

n Rv 565 Tolleshaug-Soltveit i Radøy kommune. 11,2 km ny veg skal erstatta dagens veg, som til dels er så smal at han er stengt for vogntog. Pris: 150 millionar kroner.

Vegsjef Ole Chr. Torpp har og ført opp to nye riksveganlegg, der det ligg føre godkjende planar:

n Rv 48 tunnel bak Tysse i Samnanger. Her er det eit viktig føremål å avlasta Tysse sentrum for gjennomgangstrafikk. Anlegget vil og vera ein viktig del av den indre og ferjefrie Kyststamvegen Bergen-Stord-Stavanger. Anlegget er 5,7 km langt, med 2,3 km tunnel.

n Rv 566 Lonevåg-Hauge i Osterøy kommune. Anlegget vil gje samanhangande god standard på vegen mellom kommunesenteret Lonevåg og Osterøybrua.

Hardangerbrua er stamveg

Utanom Bergen har regionvegsjef Ole Chr. Torpp trekt Hardangerbrua ut av riksveglista. Hardangerbrua skal handsamast som eit stamveganlegg på Rv 13, skriv Torpp i oversynet han har sendt til fylkeskommunen.

Då samferdsleutvalet i går handsama sak om aktuelle riksveganlegg for perioden 2006-2015, kom det ingen protester mot dette. Men utvalet legg vekt på at opplegg til finansiering og realisering av Hardangerbrua, slik det ligg føre, må leggjast til grunn for Vegdirektoratet sitt arbeid. Ein del av dette opplegget er 150 millionar riksvegkroner som fylkestinget vil overføra frå andre riksveganlegg i Hordaland til Hardangerbrua.