Slik er utviklinga på Vestlandet når regjeringa ikkje tar styring med å utvikla norske regionar, var meldinga frå Vestlandskonferansen i går.

I dag blir Business Region Bergen AS etablert, eit næringsutviklingsselskap for Bergen og omlandskommunane. Dette er symptomatisk for kvar initiativet til regionalt samarbeid kjem frå. Stavanger, Haugesund og Ålesund har liknande næringssamarbeid i gong med sine nabokommunar. Og «erkefiendane» Florø og Førde gjekk i fjor saman om Sunnfjord Næringsutvikling.

Nye regionar

— Vi ser byrjinga på ein ny type regiondanning der næringssamarbeid er drivkrafta. Dei som kjem dårlegast ut er veike kommunar som ikkje er med i byregionar, sa Johan P. Barlindhaug, leiar i Distriktskommisjonen på Vestlandskonferansen, som er eit samarbeid mellom avisene Sunnmørsposten, Firda, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad og Sparebanken Vest sitt allmennyttige fond.

Barlindhaug oppsummerte dei tre stortingsmeldingane som ligg føre om regiondanning i pessimistiske ordelag.

— Det ligg ikkje an til noko reell maktoverføring til regionalt nivå. Vi ser ingen samordning av statlege regionstrukturar, ingen regionar som kan utfordra det sentrale Oslo-området, sa han.

— Regionane er framleis ein politisk kasteball. Og vi ser byrjinga til slutten for fylkeskommunane. Men for at det skal byggjast sterke regionar vil det tvinga seg fram ei statleg samordning. Elles ligg dynamikken i byregionane, sa Johan P. Barlindhaug.

- For pinglete

— Dei store oppgåvene må overførast frå staten til regionane. Det er altfor pinglete det som har skjedd på sentralt hald til no, sa stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn (KrF) i paneldebatt saman med Barlindhaug.

— Eg hadde store forventningar til regionreforma, men er blitt frykteleg skuffa. Behandlinga i Stortinget er ein gedigen nedtur, reforma har hamna mellom «noe» og «absolutt intet», sa Sørfonn.

I paneldebatten la Hordalands fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) inn sterke appellar for vestlandsregionen. Kollega Tom Tvedt (Ap) i Rogaland fekk sterke oppfordringar om å overtala «sjefen» Jens Stoltenberg til ei sterkare regionstyring, og Tvedt lova å følgja opp.