— Det skal nok litt idealisme til for å satsa på slikt, vedgår Borgny og Rolf Inge Bøe.

Dei har begge røter i Raundalen, men nede ved Urdland. Den tidlegare bygningsmannen skipa Rolf Inge Bøe Hytteservice for 16 år sidan. Rre år seinare overtok dei Mjølfjell Handelsbu, då Lars Kløve reiste til Australia.

Under to tak

No er dei to selskapa slått saman til eitt, Mjølfjell Servicesenter AS, med sonen Svein Ove som dagleg leiar. Men heile verksemda kjem ikkje inn under eitt tak. Dei har reist to hus på Løkjatræeet tett attmed militærleiren på Mjølfjell, og begge får torvtak. Butikken er plassert i prakthuset på 325 kvadratmeter. Det andre huset er ikkje stort mindre, men skal brukast til lager, garasje for brøyteutstyr og miljøstasjon.

— Det vanlege er vel at butikkar vert nedlagde i grender som dette?

— Ver klar over at butikken er berre ein del av verksemda, seier Borgny. Ho er oppteken av heilskapen i prosjektet.

Den gamle butikken i brekka opp mot Mjølfjell stasjon har vore samlingspunkt for fastbuande, jernbanefolk og hyttefolk. Ein del militære, frå fleire nasjonar, har også vore innom «for å byta stove», elles er dei sjølvforsynte.

På fornamn

Dei som held til i vel 400 hytter i området, kjem frå alle sosiale lag, dei fleste frå Bergen, endel frå Voss. Titlar høyrer du aldri, etternamn sjeldan. Her er alle på fornamn.

— Vi vil prøva å vidareutvikla dette miljøet i dei nye omgjevnadene her nede ved hovudvegen, seier Borgny.

Teikningane som hytteborna har gitt ho opp gjennom åra, skal samlast i eigen perm. Gjensynet er alltid stas når opphavspersonane kjem attende som vaksne.

— Kan de fornamna på alle kundane?

— Dei aller fleste. Ungane blir borte nokre år, frå om lag 16-årsalderen, til dei kjem attende med kjærast eller ektefelle, og seinare born. Nye namn kan det ta litt tid å verta fortruleg med.

Kaffikroken i den nye butikken er blitt reine kafeen, også med uteplassar. Internett-skjermane er flittig brukt. Ungdom på hyttene, og syklande på Rallarvegen, vil sjekka mailen sin og senda melding heim og elektroniske helsingar til vener og kjende. Spel er også populære.

Skreddarsydd

Rolf Inge er full av lovord om arkitekt Sigbjørn Dugstad ved Arkitektbruket på Voss. Men utan hjelpa til eigarane, hadde han neppe greidd å skreddarsy bygningane til dei ulike formåla og lokale tilhøve. I tillegg til butikk og internettkafé, kan senteret tilby dusj, toalett, vaskemaskin og tørketromlar for ferdafolk og hyttefolk som måtte mangla noko av dette i hytta. Her er overnattingsplassar for brøytevaktene, for å nemna noko.

Miljøstasjonen er bygt i samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk og Mjølfjell Vel. Her kan ein setta frå seg skrot som det ikkje er lov å plassera i bosbuene. Trengst det snøscootertransport for å henta eit utrangert kjøleskap, så fiksar Rolf Inge det også.

Den årlege handelsbu-festen på Mjølfjell kan bli ekstra triveleg neste laurdag, når den nye butikken skal feirast. Kundane plar bidra med underhaldninga. Borgny vil ikkje ut med programmet enno, men antydar at talenttevlingar er i vinden for tida. Og alle gler seg over at planane om bombing mot Mjølfjell skytefelt frå fly, er lagt bort.

PRAKTHUS: I går vart den nye samlingsstaden på Mjølfjell opna. - Det skal nok litt idealisme til for å satsa på slikt, vedgår handelsparet Borgny og Rolf Inge Bøe.