Vet du noe? Send MMS/SMS til 2211, eller skrive-post

Brannvesenet blei varsla om brannen klokka 14.48, av ei kvinne som sjølv bur i huset.

Kvinna ringte til AMK for å melde brannen.

— Ho har kome seg ut av huset. Det skal heller ikkje vere andre folk eller dyr inne i huset, seier Rune Wigum ved 110-sentralen i Hordaland.

Det skal vere langt til næraste hus og ikkje fare for spreiing.

- Huset er overtent

Klokka 15.14 melder brannvesenet at bustaden er overtent.

— Bustaden går over to etasjar, heile huset er fullstendig overtent, seier Wigum.

Brannvesenet jobbar på staden.

17.30-tida melder dei at huset er totalskada, og at dei driv med etterslokking.

Starta på kjøkkenet

Ifølgje kvinna som varsla brannvesenet, starta brannen på kjøkkenet.

— Om dette stemmer, veit me ikkje. Ho var i sjokk, seier Wigum.

— Me har bilar og mannskap fra tre stasjonar frå Osterøy på staden, i tillegg til Arna stasjon.