Eigaren melde sjøl frå om brannen litt før klokka 1500. Alle i huset kom seg uskada ut, ifølgje politiet.

Fleire bønder med gyllevogn assisterte brannvesenet i slokkingsarbeidet, men huset vart totalskada.

Huset som brann, ligg om lag fem kilometer frå Grodås sentrum, i Hornindal kommune lengst nord i Sogn og Fjordane.

Årsaka til brannen er framleis ukjent.