1800 kilo sprengstoff blei brukt til å sprengje ut 4000 kubikk med stein under arbeidet med ei industritomt på Botnaneset, like ved Florø i dag.

— Vi fekk stein inn stovevindauget. Naboar fekk hol i taket og ein bil vart øydelagd, seier Elfrid Seljeseth.

Ho og mannen var tilfeldigvis ikkje i stova då det kom stein inn vindauget.

– Det er heilt skremmande. Hadde mannen min sitje i stolen framfor fjernsynet er det ikkje godt å vite kva som hadde skjedd. Steinane suste forbi der, seier Seljeseth.

Har klaga til politiet

Dei ventar på at politiet skal kome og ta skadane i augesyn.

– Det er helt skremmande. Det kunne gått folk med også, seier Seljeseth.

Ho seier også at naboane har hatt kontakt med politiet om sprenginga fleire gonger.

– Det har ikkje skjedd noko. Sprengingane har kome nærare og nærare, og steinane suser rundt her, seier Seljeseth.

Problemet oppstod då salven tok feil retning, og hamna i bustadfeltet like ved. Ein stein tok vegen rett gjennom eit vindauge og hamna på stovegolvet.

– Det er ikkje rapportert om personskadar, men vi har ei lang liste med folk som har fått stein på taket, i hagen eller oppetter veggen, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om arbeidsuhellet klokka 17.19 i dag. No tek politiet bilete av skadane, og snakkar med dei som har fått skadar på hus og eigedom.

Etter kvart vil ansvarleg entreprenør og skytebas (han som trykkjer på den raude knappen), bli avhøyrt.

bt.no kommer tilbake med mer.

INN STOVEVINDAUGET: Med stor kraft vart ein stein slynga inn vindauget til familien Seljeseth.
Roger Eltvik
Sverre Steinseth var berre meter unna då steinen i forgrunnen vart slynga inn stovevindauget.
Roger Elvik
HAGLA: Steinar med denne storleiken traff fleire hus i bustadfeltet i Florø.
Roger Eltvik