Klokka 03.30 i natt gjekk alarmen på Jåstad i Hardanger.

— Ekteparet vakna av røyken. Straks etter byrja røykvarslarane å ula. Det var kraftig røykutvikling, seier politioverbetjent Per Helge Sekse i Hardanger lensmannsdistrikt til bt.no.

Røyken kom frå brann på eit soverom. Ekteparet i femtiårene, var aleine i huset då brannen starta. Dei kom seg ut av huset og kom ikkje til skade i brannen.

— Brannen sløkte av seg sjølv, truleg på grunn av oksygenmangel. Det er for det meste snakk om røykskadar i huset, seier Sekse.