OVE ARNE OLDERKJÆR

Fleire og større lystbåtar blant folk aukar behovet for vinteropplag og vedlikehald. Vi har perfekte hallar og kranar med stor løfteevne, seier Knut Johannes Helvik, styreleiar i samarbeidsselskapet Skålafjæro AS i Rosendal.

Helvik og styreleiar Benedicte B. Fosse i Rosendal Utvikling viser rundt i den største hallen etter historiske Skaalurens Skibsbyggeri.

Isolerte, lysmåla vegger og utstyrt med to traverskranar og dokkport som gjer det mulig å flyta inn under tak. Men enn så lenge er det stilla som rår.

100 arbeidsplassar tapt

Snøggbåtverftet Fjellstrand har etter eitt år utan deloppdrag definitivt gitt beskjed om at leigeforholdet med Skålafjæro er slutt frå neste vår.

I nabobygda Seimsfoss trappar livbåtprodusent Schat-Harding ned aktiviteten til null frå årsskiftet.

Med andre ord innpå hundre arbeidsplassar tapt på eitt års tid. Aktiviteten ved andre skipsverft i Kvinnherad er også laber for tida.

— Vi innser at det ikkje blir meir skipsbygging i Rosendal. Derfor snur vi på flisa og tilbyr bergensarar og andre vinteropplag for båtane sine, seier Knut Johannes Helvik. Vel vitande om at det er 150 år med skipsbyggingstradisjon som er slutt i Skålafjæro, midt i Rosendal sentrum.

Skålafjæro AS har alt booka inn dei første opplagskundane. Men har framleis god plass i til saman 130 meter lange hallar i Rosendal, pluss rundt 100 meter på det 150 mål store industriarealet som selskapet disponerer på Årsnes ei mil lengre inn i Hardangerfjorden.

Fire mål under tak

Vi har over fire mål innandørsareal, stor takhøgde, og kan ta imot båtar opp til 20 tonn. Vi har også dugande folk som kan handtera verdiane og yta tenester med omsyn til service på skrog og motor. Men folk kan få lov til å mekka sjølve og, seier Knut Johannes Helvik.

— Dette kan også gjerast til sosiale happeningar, med fellesinntak og båtsleppefestar.

— Her er det tale om å etablera arbeidsplassar som ikkje kan flyttast til Austen eller Aust-Europa, seier Helvik.

Sentrumsbustader

Bak Skålafjæro AS står Rosendal-verksemdene Rosendal Fjordhotell, Fredheim gartneri, KS Bank, Skjelnes Entreprenør, Kvinnherad Elektro Invest og Johs. L. Næss.

Verftsområdet i sentrum blei kjøpt som konkursbu i 1996 for vel åtte millionar kroner. Utleige til Kværner Fjellstrand, seinare Fjellstrand gav arbeid til 50 personar i Rosendal inntil i fjor.

— Området gir også plass til bustader, seier Knut Johannes Helvik, mannen bak Kvinnherad Elektro og styreleiar i Skålafjæro AS.

Det er sett i gong arbeid med omregulering av det 30 mål store industriarealet i sentrum til handel- og bustadområde.