ARNE HOFSETH

Dei som for lengst har kjøpt inn 4,2 meter høge vogntog, og har køyrt ulovleg i årevis, gler seg over utbetringa. Utan dette tiltaket frå Vegstellet si side, kunne dei blitt offer for same bråket på E16 som dei opplevde på vegen over Haukeli i vinter, med politimelding og bøtelegging.

Andre aktørar er meir fortvila over alle tilpassingane som no må til.

Det er Dalevågtunnelen og den korte Helletunnelen på E16 mellom Dale og Stanghelle som no skal strossast (utvidast). Her er det faktisk ein omkøyringsveg, men gamlevegen går over den skrale og smale hengebrua på Hellestræ, snor seg gjennom steinurda og kryssar Bergensbanen i plan to gonger.

Kolonnekøyring

Vegstellet legg opp kolonnekøyring for småbilar på gamlevegen, bortsett frå svartaste natta, når trafikken erfaringsmessig er liten.

For større doningar går vegen om Hardanger. Her har Vegstellet sprengt ut ein del nye møteplassar på dei smalaste partia, der riksveg 7 ligg på fjellhyller langs Hardangerfjorden. Likevel må ein rekna med rygging, herjing og venting.

I ruteheftet tek HSD atterhald om seine bussar som fylje av forventa trafikkproblem i Hardanger.

Over til tog

I retning mot Voss og Sogn må busspassasjerane stola på NSB på dei tidene av døgeret vegen er stengd. Bussane austfrå snur på Voss, i varierande god korrespondanse med toga. På nokre avgangar er det ufrivillige opphaldet langt nok til ei grundig utforsking av Vangen. Direktebussen mellom Voss og Flesland kan brukast eine vegen, men toget er godt å ty til den andre.

Lastebilnæringa vil legga om drifta slik at flest mogeleg bilar kan passera gjennom tunnelane i opningstida. Men mange vil nok måtte ty til den kronglete omvegen om Hardanger. Der er folk lite nøgde med å få all denne trafikken «i fanget», så skralt som vegnettet er i denne delen av fylket.