Den erfarne sjåføren i turbilselskapet Haga Buss på Jæren manøvrerte bussen slik at det 48 pensjonistar store reiseselskapet unngjekk å kollidere med ein møtande trailer. På det smale partiet på E 39 ved Eide i Fitjar kommune valte Røykenes å leggja bussen inn mot ein fjellknaus.

Alle rutene blei knuste i uhellet, men ingen av dei i alt 50 i bussen fekk alvorlege skader. Alle passasjerane blei sendt til legesjekk, og kunne reisa heim att til Stavanger tirsdag kveld

Ti fekk behandling

I alt ti av passasjerane fekk kuttskader av dei knuste bussrutene. Dei fleste fekk behandling ved Stord sjukehus. Ei eldre kvinne blei køyrt til Haugesund sjukehus.

I 21.30-tida kunne reiseselskapet, som hadde vore på utflukt til Voss med Panorama Tours, dra tilbake til Stavanger med ein innleigd Kystbuss. Den skadde Haga-bussen slo følgje sørover med Jon Røykenes bak rattet.

— Stemningen er god. Me er blitt profesjonelt behandla. Og all honnør til sjåføren som avverga kollisjon med traileren, sa turleiar Haavard Næss til Bergens Tidende ved avreise frå Stord sjukehus i går kveld.

Ulukka skjedde i 16.40-tida på den sterkt ulukkesbelasta strekninga mellom Jektevik og Sandvikvåg. På mange parti her er det ikkje passering for to store køyretøy som møtest. Medverkande årsak til ulukka tirsdag var truleg at ein personbil hindra traileren før møtet med Haga-bussen.

KNUST: Alle rutene på turbussen blei knuste i møteulukka på Stord tirsdag, men ingen av dei 48 pensjonistane i bussen fekk alvorlege skader.
FOTO: OVE OLDERKJÆR