— Om lag kvar tredje passasjer på dei nye bussrutene er tidlegare togpassasjerar. Dei andre, om lag dobbelt så mange, er nye kollektivreisande, opplyser politisk rådgjevar Alfred Bjørlo til Bergens Tidende.

— I departementet er vi godt nøgde med at kollektivtransporten går fram, samla sett, seier Bjørlo.

Han baserer seg på tal frå Austlandsområdet. Utslaga for Bergensbanen har han ikkje tal for. Her er fenomenet relativt nytt, og busstrafikken har hatt lite omfang. Dessutan er NSB svært varsame med å gje frå seg tal, sidan togkøyringa snart skal lysast ut på tilbod, og NSB må tevla med andre om retten til sporet. Bjørlo er ikkje nøgd med denne praksisen.

— Vi prøver å få til betre rutiner. No er det ofte lettare å få tal frå private busselskap enn frå våre eigne statsbanar, seier han.

Bjørlo har registrert ein tilbakegang i passasjertalet på Bergensbanen dei siste åra, men det har vorte forklart med tapt konkurranse med flytrafikken.

Departementet er innstilt på å lysa ut togdrifta på Vossebanen og i Raundalen (Bergen-Myrdal) i løpet av våren, men vedgår at ein ennå ikkje har løyst samordningsproblemet mellom lokaltog og fjerntog dersom NSB taper tilbodstevlinga. Då vil eit selskap køyra lokaltoga og eit anna (NSB) køyra fjerntoga. Trafikantane vil bli sett mange tiår attende dersom ein ikkje lenger skal ha fritt togval til og frå stasjonane Bergen, Voss og Myrdal (Flåmsbana). På den andre sida kan lokaltogtrafikken bli dyr for staten dersom tilbydarane ikkje kan rekna med desse store passasjergruppene. Dilemmaet har ført til langvarig hovudbry i departementet, og kan vera årsak til utsetjingar.

— Vi har ei utfordring her. Det er mykje lettare på Gjøvikbanen, som også skal konkurranseutsettast no. Der går det ikkje fjerntog, seier Bjørlo.

Han har lansert tankar om å dela opp NSB for å gje mest mogeleg like konkurransevilkår. Eit selskap vil då eiga alt togmateriell, medan det andre er reint trafikkselskap som må leiga tog på same vilkår som konkurrentane. Men slike planar vert ikkje sett ut i livet no når Vossebanen og Gjøvikbanen skal konkurranseutsettast som prøvestrekningar.

— Der er først når konkurranseutsettinga får eit visst omfang, og kanskje blir den normale ordninga, at ei deling av NSB på denne måten er aktuell, seier Alfred Bjørlo til Bergens Tidende.