Under Hagelsundbrua i Knarvik står fleire titalls Tide-bussar hensatt og lukka med hengelås. Dei går ein uviss lagnad i møte etter at dei brått blei overflødige i Tide-systemet.

For halvanna veka sidan tok nemleg Skyss over drifta av bussrutene i Nordhordland. No vert rutene utførde av Concordia Bus, som vann anbodsrunden mot Tide.

30 til sals

– Kor mange bussar har de til overs?

– Ein god del av bussane som blei brukt i Nordhordland er omdisponert. Dei beste bussane frå Nordhordland er sett inn i produksjon i Bergen, og dei dårlegaste i Bergen er kassert. No sit vi igjen med 30 stk som vi vil selje, seier administrerande direktør i Tide Buss AS, Jostein Hatlebrekke.

Ifølgje Hatlebrekke har dei alt seld 10–15 bussar. Førebels til privatpersonar i Noreg, men Tide vurderer også å sjå seg om etter kjøparar i Aust-Europa. Idrettslag er også i målgruppa, trur Hatlebrekke.

Kan ende på skraphaugen

Om Tide ikkje lukkast med salet, kan desse bussane ende på skraphaugen.

– Men då blir det gjort ut frå ei totalvurdering. Vi har rundt 1000 bussar i Tide, og kasserer i så fall dei dårlegaste. Nokre av dei som står under brua er betre enn dei dårlegaste andre stader, seier Hatlebrekke.

Bussane er i tryggingsmessig forsvarleg stand, ifølgje Tide-direktøren. Han regner med at snittprisen på bussane ligg mellom 100.000-150.000 kroner. På «gravplassen» i Knarvik er det altså verdiar for 3 — 4,5 millionar kroner.

– Er dette sløsing?

– For oss er dette eit resultat av eit anbodsregime der oppdragsgivarar i Noreg avgjer kva standard bussane skal ha når ein set i verk nye anbod. Dette medfører store investeringar for selskapa, og ei oppgradering blir naudsynt. Miljøstandarden er vesentleg høgare på dei nye bussane, noko som er positivt, seier direktøren.

Har du eit forslag til kva desse bussane kan brukas til? Skriv gjerne ein kommentar.