– Vi fekk melding klokka 11.22 om at ein buss hadde velta utfor vegen. Det var tre passasjerar om bord. Ein vart ettare skadd og sendt til sjukehuset på Eid, seier operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Både passasjerar og bussjåfør kom seg ut gjennom frontruta. Bussen, som tilhøyrde Fjord1 Sogn Billag var på veg mot Stryn då ulykka skjedde.

– Sjåføren har forklart at det var ekstremt glatt og at bussen sklei ut og velta i grøfta, seier trafikksjef Frode Saue i Fjord1 Sogn Billag til NRK Sogn og Fjordane.

bt.no kjem tilbake med meir.