Busssjåføren og dei fem passasjerane var berre eit minutt frå den store katastrofen på RV 5 ved Fjærland i 09.30-tida i dag.

Rutebussen var på veg frå Måløy til Sogndal då den miste motorkraft, i sterk stigning gjennom den 2,6 kilometer lange Bergetunnelen.

— Det er ingen tvil om at sjåføren gjorde alt rett i ein svært kritisk situasjon, seier politiførstebetjent Einar Christensen til BT.

Christensen kom raskt til brannstaden, og såg den eksplosive brannen som gjorde bussen til totalvrak på under halvtimen.

— Det var nifst å sjå røyk- og flammeutviklinga frå bussen, seier Christensen.

— Og det er skræmande å tenkje på kva som hadde hendt om rutebussen frå Måløy hadde vore komen inn i Frudalstunnelen, berre ei svært kort strekning lenger framme. Det ville fått uante konsekvensar; det er det ingen tvil om seier den erfarne politimannen.

Den ni år gamle Volvo-bussen var altså berre eit minutts køyretid frå den sju kilometer lange Frudalstunnelen då sjåføren merka svikt i motorkrafta. Bussen var då framleis inne i den 2,6 kilometer lange Bergetunnelen på sstigninga mot Sogndal.

— Dette er det aller vertse skrekkscenariet vårt, seier direktør Jon B. Nesje i Nordfjord og Sunnmøre Billag i Stryn.

VRAK: Rutebussen Måløy-Sogndal var totalt utbrent på ein halv time. Brann oppsto minuttet før bussen skulle køyre inn i den sju kilometer lange Frudalstunnelen. FOTO: Terje Ulvedal