EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

17-åringen kom inn på bussen i Støbotn i 23-tida, og prøvde å truge Gaia-sjåføren til å gje frå seg pengeveska. Den eitt år yngre kompanjongen venta på ein moped like ved.

Forsøket på å få tak i billettpengane lykkast ikkje, og sjåføren greidde å få den væpna ungdommen ut av bussen. Han forsvann deretter saman med kameraten på mopeden.

— Det var hjelp frå vitne som gjorde at vi kom på sporet av dei to ungdommane, seier politiførstebetjent Tarald Farnes ved Arna og Åsane politistasjon.

Mopedisten vart sleppt fri etter avhøyr i går, medan 17-åringen truleg blir forsøkt varetektsfengsla i dag. Båe dei to høyrer heime i området Åsane-Arna.