Klokka kvart over ni i dag tidleg gjekk eit lite ras på vegen opp frå Vik.

— Då bussen og bilane skulle snu, vart dei sperra inne av eit nytt ras, fortel Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane.

Fanga i bilen

Det er gått fleire små ras på vegen. To bilar har fått snømassar på seg og står framleis fast.

— Det har gått bra med folka i bilen, fortel Arild Stokkereit ved politiets operasjonssentral.

— Eg veit ikkje om dei har fått opp eit vindu og klatra ut av bilane, seier han.

Bilane skal no verta spadd fram, mens bussen har returnert til Vik.

Stengd veg

Statens vegvesen melder at vegen vert stengd til i morgon tidleg. Då skal tilhøva vurderast på nytt..

RAS SPERRA VEGEN: Statens vegvesen melder at vegen vert stengd til i morgon tidleg.
Scanpix, Herskedal, Kjell