Ni studentar har meldt seg på. Mellom studentane er nokre av dei som budde saman med henne i bukollektivet i Hamretunet, og dessutan avdødes næraste vener mellom førsteårsstudentane ved høgskulen.

— Ein del vil kanskje syns at dette ikkje er så mange. Men eg trur at for dei fleste studentane blei avskjeden minnestunda vi hadde her på høgskulen, seier dekan Eva Marie Halvorsen.

Fire av dei tilsette ved skulen skal også ta del i gravferda, og på vegner av Høgskulen i Sogn og Fjordane skal Halvorsen leggje ned krans under seremonien.

Anne Slåtten blir gravlagt frå Hjelmeland kyrkje klokka 12 i morgon. Då vil ei fullsett kyrkje ta eit siste farvel med sjukepleiestudenten. Eigentleg skulle gravferda vore frå Fister kyrkje i heimbygda Randøy, men den er for lita. Etter gravferda skal båra førast til Anne Slåttens siste kvilestad på kyrkjegarden på Randøy.