Under dagens rettsmøte i Nordhordland tingrett viste aktoratet til politiavhøyr av Erstad der han gav uttrykk for at han ikkje hadde vore bekvem med at botnfallet blei prøvd behandla på tanken. Det var under denne behandlinga tanken gjekk i lufta.

— Dette burde vore gjort på eit prosessanlegg, har kjemikaren forklart til politiet.

**Les også:

Vest Tank-kjemikar mista storkontrakt**

I retten vedgjekk Erstad at han i avhøyr hadde sagt at det ikkje var ideelt å gjennomføre denne prosessen på tanken. Andre tilsette i Vest Tank delte denne oppfatninga.

Men Erstad nekta for at det dei gjorde då dei skulle behandle avfallet, var uforsvarleg.

— Vi vurderte risikoen, og meinte den var liten. Ut frå den kunnskapen vi då hadde, var det ei forsvarleg løysing. Visst var vi i tvil, men det er ein nesten alltid i slike saker. Vi kjende oss rimeleg trygge, sa kjemikaren.

— Ville du gjort noko annleis i ettertid?, spurde aktor.

— Det er openbert. Vi vil ikkje gjenta ei slik ulukke.