• Kattane kjem ut or sekken, ser eg, seier Magnar Lussand. Styreleiaren i Hardangerbrua AS er budd på å slåsst mot dei som vil setja Jondalstunnelen i staden for brua.

Lussand siktar til Eilev Instanes, dagleg leiar i Hardangervegen AS. Støtteselskapet for Jondalstunnelen bur seg på å overtyda Stortinget om at tunnelen fortener ein plass i Nasjonal Transportplan. Mykje tyder på at det vil skje i knivskarp konkurranse med Hardangerbrua.

Som BT skreiv i går vil eit av Instanes sine kronargument overfor samferdslekomiteen i Stortinget vera tilhøvet mellom investering og folketal i dei kommunane som soknar til tunnelen og til brua. Eit anna viktig argument er konsentrasjonen av industribedrifter. Ved hjelp av grafisk framstilling vil Instanes påvisa overfor samferdslekomiteen at det ligg mykje meir samfunnsøkonomisk nytte i å satsa på Jondalstunnelen enn på Hardangerbrua.

— Vi har ikkje brukt tid til å kjempa mot Jondalstunnelen. Og eg vonar at Jondal-ordførar John Skogseth som styreleiar i Hardangervegen AS ryddar opp slik at vi kan unngå ein innbyrdes strid i Hardanger. Det er nok av regionar rundt omkring i landet som gjerne vil stikka av med pengane dersom vi ikkje greier å verta samde, seier Lussand.

— Men dersom dei vil ha strid, skal dei få det, legg han til.

Han meiner det er søkt av Instanes å berre visa til folketalet i dei næraste kommunane rundt Hardangerbrua.

— Brua vil vera ein sentral lekk i ein indre stamveg som går heilt frå Kristiansand, seier Lussand.