Folk frå Indre Bu (i Eidfjord), Ytre Bu (i Ullensvang) og nokre tilreisande frå grannebygdene fylte Indre Bu Grendahus då planansvarleg Tove Høyland Stople og hennar medarbeidarar i går orienterte bygdefolket om det tilstundande arbeidet med reguleringsplanar for landfeste og tilførslevegar til brua som Stortinget stort sett berre har sagt nei til.

«Snille» spørsmål

Møtelyden stilte mange spørsmål om alternative vegføringar, og vil i tida framover grunda på kva som er beste løysinga. Billegast er ei oppgradering av noverande veg over Bu-platået, med gang og sykkelveg på kjøpet. Dyrast er ein samanhengande tunnel under platået, med rundkøyring og sidetunnel til brua.

Eit nytt alternativ vart lansert frå salen: Ny veg ute mot kanten av platået. Det gir turistane utsyn til brua og fjorden, utnytting av tunnelmassar, og nesten trafikkfri lokalveg av dagens riksveg.

Vegstellet meiner at trafikktala over Bu vert dobla når brua kjem.

Stamvegstatus

Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit påpeikte at orienteringa mot Odda gir unødig stor trafikkauke gjennom Bu i den trafikksterke sommarsesongen. Då storparten av trafikken går austover mot Eidfjord og Hardangervidda Det blir som å flytta ferjekaien frå Brimnes til vestsida av Bu. Når Vegstellet berre bruker årsdøgntal, får dei ikkje med seg dei store sesongvariasjonane, meinte han. Men Vegstellet kjenner seg bunden av at riksveg 13 mellom Odda (Jøsendal) og Voss blir stamveg frå årsskiftet, medan riksveg 7 ikkje frå slik status mellom Trengereid og Gol.

64 meters siglingshøgd vart etterlyst. Stople fortalde at 94 prosent av turistskipa som kjem til Bergen hamn smett under ei Hardangerbru med 50 meters høgd. Sjølv om Eidfjord no får cruisekai, melder kommunane at dei ikkje har kapasitet på land til å ta inn dei aller største skipa likevel.

Hastverk

— Kvifor hastverk med parallellkøyrt konsekvensutgreiing og reguleringsplan for ei bru som Stortinget har vore negativ til?

— Fordi fylkestinget prioriterer brua, og gitt oss i oppdrag å ha desse planane klare innan utgangen av 2004, og regionvegsjefen har teke på seg oppdraget, seier Stople til Bergens Tidende.

— Poenget er å få brusaka opp att i Stortinget før denne perioden er ute. Då må dei formelle planane vera klare i tide, forklarar nyss avgåtte ordførar i Ullensvang, Einar Tveit. Han sit i styret for bruselskapet.

Hysj-tal

Vegstellet vil ikkje ut med sine nye trafikkprognosar og kostnadstal for Hardangerbrua før i november. I går ville dei berre fortelja om meirkostnadene med endringane i høve til den opphavlege planen. Dei varierer frå 110 millionar kroner for det billegaste til 170 millionar kroner for det dyraste alternativet. Kostnadene gjeld endra tilførslevegar på begge sider av fjorden, og flytting av ei kraftline som er spent over fjorden.

På Vallaviksida (Ulvik) er det berre eitt alternativ som er aktuelt; ny sidetunnel frå ei rundkøyring inne i Vallaviktunnelen.