OVE ARNE OLDERKJÆR

Bergens Tidende har oppsøkt ein av mange som lojalt etterlever buplikta, og som tidvis strevar med Tysnes kommune si strenge handheving av lova.

Magne Skartveit viser stolt fram det avsidesliggjande småbruket sitt på Skartveit ovanfor Solheimsdalen, mellom Uggdal og Onarheim. Her vaks faren opp, og her ønskjer kommunelegen å ha gode dagar med hogst i den store skogen og avslapping i det koselege våningshuset frå 1914.

Kan bli sitjande vêrfast

Problemet for Skartveit er at han og familien bur i Våge, ein halv times køyretur unna.

Småbruket er godt vedlikehalde, men ikkje attraktivt som heilårsbustad.

— Det ville heller ikkje vore rett overfor vår tolvårige son om me slo oss til her, med seks kilometer til nærmaste nabo med born i skulepliktig alder, seier Magne Skartveit.

Dessutan er mobiltelefondekkinga mangelfull på deler av bruket. Og kommunelegen risikerer å sitja vêrfast dersom han blir tilkalla på nattesstid ei snøtung vinternatt. Vegen fram til bruket er smal og bratt og vanskeleg tilgjengeleg for brøyting.

— Eg ville kanskje ikkje nådd fram dersom nokon til dømes fekk eit infarkt nede i bygda, seier Skartveit.

50 prosent ikkje nok

— Eg visste jo om buplikta då eg overtok bruket for fem år sidan, men eg er overraska over kor strengt Tysnes praktiserer lova, seier mannen som har praktisert i 28 år i legetenesta på Tysnes.

Skartveit har sendt overnattingsplan til kommunen der han skisserer korleis og kva tid han vil gjennomføra minst 183 overnattingar på Skartveit i året. Han ber om fråtrekk for dei dagane han har legevakt og bakvakt.

Men svaret frå kommunen er negativt. For den som bur i kommunen, gjeld ikkje regelen om minst 50 prosent overnatting på den overtekne eigedommen.

Kommunelegen er i staden rådd til å søkja om utsetjing av buplikta.

Trur på omlegging

Magne Skartveit ønskjer ikkje særbehandling fordi han er kommunelege. Han vil óg ha fram at han sjølv ikkje har teke initiativ til å bringa saka fram i avisa.

— Eg trur utviklinga blir at kommunen endrar vilkåra for buplikta til eit krav om å halda jordbrukseigedommen nokolunde stelt og vedlikehalden.

— Eg er litt oppgitt no, men lever med håpet om at fornuften vil sigra, seier Skartveit.

— Eg nyttar 50 dagsverk i året til å ta ut skog. Eg føler stor glede av å vera her og virka. Og visst eg blir tvinga til å bu her, har eg så stor tilknyting til og kjensle for staden at eg ikkje vil selja, seier Magne Skartveit.

BUPLIKTLEGE: Magne Skartveit får problem med å koma seg ned til bygda visst han har legevakt og må overnatta på småbruket sitt om vinteren. Å halda garden ved like og stelt bør vera vilkår godt nok for å overta slektsbruk, meiner Magne Skartveit.<br/>Foto: STIAN LYSBERG SOLUM