Leiar for Aksjon Hardangerbru, Sverre Kleivkås frå Ullensvang, lovar ei mobilisering som får ein cupfinale med Brann til å bleikna.

— Vi skal stilla mannssterke, ja. Når vi får datoen for handsaminga i Stortinget skal vi mobilisera, og denne gongen stiller mennene og i bunad, seier Kleivkås, som er partifelle med samferdsleminister Torild Skogsholm.

I juni 1996 køyrde fem bussar fulle av bunadskvinner over fjellet.

— Hardangerbunadene fylte heile galleriet i Stortinget, seier leiar for aksjonen den gongen, Aud Opheim Lygre, som lovar å vera med til hausten og.

Kva med SV?

Bunadskvinnene drog slukøyrde heim att i 1996. Men i år er vona større. Sikre kjelder høgt oppe i partia fortel til Bergens Tidende at Bondevik-regjeringa alt i dag, fredag 19. august, vil innstilla på bygging av bybane og Ringveg vest i Bergen. Truleg vil Framstegspartiet vera åleine om å røysta mot bybana i Stortinget.

Neste fredag, eller kanskje om to veker, kjem det ei positiv innstilling for Hardangerbrua. Etter det som har kome fram frå dei politiske partia i sommar, er det berre SV som røystar mot i Stortinget.

— Men vil SV gjera Hardangerbrua til ei kampsak i eventuelle regjeringstingingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet?

— Kva vi skal tinga om, får de vita dersom vi vinn valet. Vi har eit soleklart standpunkt når det gjeld Hardangerbrua. Og vi ser at reiselivet no og tek til å sjå kva ei bru kan føra til, seier SV si talskvinne i samferdselssaker, Heidi Sørensen.

Lit fullt og fast

Signala frå regjeringa om dei to store samferdselssakene førde i går til mange glade reaksjonar i Bergen og i indre Hardanger. Men litt tvil sit att.

Ola B. Hereid, ordførar i Eidfjord:

— Dette er fantastisk. Eg trur eg må heisa flagget. For dette må gå bra. Eg lit fullt og fast på at Arbeidarpartiet vil røysta for brua denne gongen. Og eg har og full tiltru til samferdsleminister Torild Skogsholm.

Solfrid Borge (biletet),ordførar i Ullensvang:

- Eg torer ikkje tru på noko før siste ord er sagt i Stortinget. Men etter 25 år med utgreiingar og analysar må det vel verta slutt no. Og reiselivet vil tena på ei bru. Til Eidfjord er det venta 46 cruiseskip neste år. Berre 3 av dei ville ikkje ha kome under Hardangerbrua.

Skal vedda

Anne-Grete Strøm-Erichsen (biletet), stortingskandidat for Arbeidarpartiet i Hordaland: - Eg er svært glad på Hardanger sine vegner. Det var synd at Hardangerbrua måtte over til det nye Stortinget, men no kan eg ikkje sjå kva som kan hindra eit ja til Hardangerbrua. Og bybana vil vera starten på ei heilt ny utvikling for Bergen.

Hans Edvard Seim (biltet); Høgres samferdsletalsmann i Bergen og styremedlem i Hardangerbrua AS:

— Ja, no trur eg alt går gjennom i Stortinget. Eg skal faktisk vedda på det. Dette var gledeleg.

Gisle Handeland (biletet), gruppeleiar for Ap. i fylkestinget; tidlegare fylkesordførar:

— Med dei klåre meldingane vi har fått frå partileiinga, kjenner eg meg meir enn trygg på at Arbeidarpartiet røysta ja til Hardangerbrua i Stortinget. Sp. har og gjeve klår melding. Då kan ikkje SV stoppa brua.

Bunaden skal fram

Magnar Lussand (biletet); tidlegare fylkesordførar og styreleiar i Hardangerbrua AS:

— Dette ser særdeles lovande ut. Eg stiller i bunad. Det går nett slik eg spådde i fylkestinget 4. mai. Då sa eg at regjeringa ville leggja fram proposisjonane rett før valet, og så ville det nye Stortinget handsama dei. Og eg har tilltru til at Stortinget, medrekna Arbeidarpartiet, røystar for Hardangerbrua.

Torild Selsvold-Nyborg; fylkesordførar

— Dette var grådig kjekt. No vil utviklinga i Hardanger få eit puff framover. Det er og svært godt nytt for oss i fylkeskommunen, som har hovudansvar for den regionale utviklinga i fylket. Og få med at eg vil stilla saman med bunadskvinnene når dei dreg til Stortinget. Eg og har Hardangerbunad. Eg er då ifrå Hardanger.

Bjørn Christensen , ordførar i Voss:

— Det er jammen godt å få betalt for alt arbeidet som er lagt ned i styret i Hardangerbrua AS. No skal denne saka vera trygg. Vi skal då betala for brua sjølve.