Pågripinga resulterte det i at sistnemnde køyrte inn i sida på politibilen, som måtte reparerast for 29.000 kroner.

No er 29-åringen dømt for forholdet, som skjedde for to år sidan, og for ei lang rekkje andre forhold. Blant anna vald, ulovleg bilkøyring og forsøk på dokumentfalskneri.

Mannen, som har vore tung rusmisbrukar, let også vera å halda hunden sin — ein dobermannpincher - i band.

Hunden beit ei jente i handa, og blei avliva. 29-åringen får av Sunnhordland tingrett eitt års fengsel, der ti månader skal sonast. Han må også betala over 80.000 kroner i erstatningar.