Den norske ordninga med kommunal legevakt skal sikre at alle innbyggjarar har tilgang på lege­tenester 24 timar i døgnet om dei blir sjuke eller akutt skadde — uansett kor dei måtte bu. Mange små kommunar slit med å skaffe nok legar, og den faglege og organisatoriske utviklinga innan legevaktsmedisin kan ikkje måle seg med utviklinga i helsevesenet elles. Enkelte går så langt som å karakterisere legevakttenesta som ein naudetat i bakleksa.

Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm) er blant dei som tek til orde for meir samarbeid mellom kommunar om større legevaktdistrikt. Dette kan gje ei meir profesjonell teneste, og bidra til stabil tilgang på legar og utstyr slik at pasientane vert sikra god og forsvarleg behandling. Større einingar gir betre samhandling med andre naudetatar, og kan også bidra til god behandling ved kommunale akuttsenger.

Men større legevaktdistrikt kan òg vere ein fare for helsa til folk.

Halvparten så ofte

Nyleg publiserte vi ein studie som finn sterk samanheng mellom stor avstand og liten bruk av legevakta (sjå grafikken). Resultata er basert på data frå Arendal legevakt, som dekkjer ti kommunar i Aust-Agder og Telemark. Avstanden frå dei ti kommunane til legevakta i Arendal varierer frå to til 131 kilometer.

Gjennom fleire år har vi systematisk undersøkt telefonkontaktar og legekonsultasjonar frå kommunane, og sett på samanhengen med avstanden frå legevakta. Resultata viser at for kvar kilometer frå legevaktlokalet fell kontakttalet (raten) med 0,9 prosent. Innbyggjarar med ein reiseveg på 77 kilometer kontaktar altså legevakta i snitt berre halvparten så ofte som dei som bur like ved lokalet.

Når det gjeld legekonsultasjonar, er fallet enda sterkare. Vi snakkar om ei halvering etter 43 kilometer.

By mot land?

Kanskje kompenserer legane dette med å ringe oftare tilbake til pasienten eller reise i sjukebesøk?

Berre til ein viss grad. Auken i telefonar til personar som bur fem mil unna, svarar til berre tre prosent av nedgangen i legekonsultasjonar. Og om reisevegen aukar med 50 kilometer, er sjansen for sjukebesøk 25 prosent mindre.

Ein naturleg tanke kunne vere at forskjellar mellom by og land i inntekt, utdanningsnivå, alderssamansetjing og tilgang på fastlegar kan forklare funna. Vi innhenta offentleg statistikk på legedekning, personar over 80 år, bruttoinntekt, sosiale forskjellar og utdanningsnivå. Men våre analyser viser at endringane i legevaktbruken ikkje kan forklarast med desse faktorane.

Færre hasteoppdrag

Det er ei vanleg oppfatning at når folk som bur langt unna først tek kontakt med legevakta, er det oftare alvorleg sjukdom med stort behov for legetilsyn som ligg bak. Vi finn paradoksalt nok at dess lenger reiseavstand, dess mindre del av kontaktane resulterer i konsultasjon med lege.

Overraskande er det også at hyppigheita av hasteoppdrag fell tydeleg når avstanden aukar. Aukar avstanden til legekontoret med 50 kilometer, blir det 20-30 prosent færre akutte oppdrag. Til og med ambulansebruken fell på same måte.

Utkanten av legevaktdistriktet bruker altså mindre legevakt også for alvorlegare ting. Og når folk først ringjer, får dei uansett sjeldnare møte vaktlegen.

Meir beredskap

Funna i studien gir oss ein reiskap til å rekne ut kor mykje legevaktbruken vil endre seg ved å slå saman eller splitte opp legevaktdistrikt. Slik kan ein planleggje bemanning, kostnadsfordeling mellom deltakande kommunar, og drøfte risiko for uønska effektar. Men det er ikkje mogeleg å bruke forskinga for å rekne ut talet på medisinske komplikasjonar. Vi kan heller ikkje bruke matematikk for å vise kva som bør vere maksimal reiseavstand til ei legevakt.

Studien vår viser kor urettferdig fordelinga i legevaktbruken er. Funna kan forklarast både med overforbruk nær legevakta, og underforbruk i periferien. Aktiviteten må flyttast frå å behandle flest mogeleg pasientar til meir beredskap. Legevaktene bør ikkje lenger fungere som kveldsopne legekontor.

Frå over 200 til 60- 80

Våren 2013 foreslo Framstegspartiet i Stortinget at regjeringa Stoltenberg skulle leggje fram ein plan for oppgradering av legevakt­ene i tråd med ein handlingsplan frå Norsk kompetansesenter for legevaktmedisin. Forslaget vart nedstemt av det raudgrøne fleirtalet, men fekk alle stemmene til opposisjonen som no støttar regjeringa Solberg. Eit sentralt punkt er å organisere landet i 60-80 legevaktdistrikt, mot noverande over 200.

Dersom helseminister Bent Høie gjennomfører forslaget han stemte for i Stortinget, vil mange innbyggjarar få mykje lenger reiseveg til legevakta. Når vi no ser at stadig større avstandar kan hindre likeverdige helsetenester, er det viktig å peike på fleire andre tiltak i handlingsplanen som motverkar slike uønska verknader.

To legar på vakt

Vaktlegane bør ha fast løn, ikkje aktivitetsbasert som no. Betaling pr. pasient gir legane insentiv til å utføre raske, ukompliserte konsultasjonar på enkle tilstandar. Det kan gå ut over pasientar med større, men meir tidkrevjande medisinske behov. Der folketal og geografien tilseier det, kan eit legevaktdistrikt ha fleire enn éin legevaktstasjon. Det bør alltid vere minst to legar på vakt, slik at det blir lettare å få lege til å rykkje ut til dei som bur langt unna.

Ved lange reiseavstandar bør det vere bakvaktordningar, slik at ein annan lege kan steppe inn ved livstruande hendingar.

Desse måla kan vi berre nå dersom kommunane verkeleg satsar på legevakta, og ikkje ser på samanslåing som innsparing.

Manglar data

Det finst ikkje pasient­register for primærhelsetenesta i Noreg, slik som for sjukehusa.

Det betyr at vi har dårleg statistikkgrunnlag for kven som er pasientar hos fastlegane og ved legevaktene, og kva diagnosar og behandling dei får. Forsking er vanskeleg utan gode helseregister. Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin har starta fleire større datainnsamlingar for å auke kunnskapen om kva som skjer på legevaktene, og bruker resultata til nasjonal statistikk og i forskingsprosjekt.

avstand til legevakten.pdf