Ein gjennomgang kommunerevisjonen har gjort, viser at Bergen kommune ikkje følgjer reglane for offentlege innkjøp. No omorganiserer dei for å hindre korrupsjon.

Kvar fjerde innkjøp i Bergen kommune følgjer ikkje Lov om offentlege innkjøp, fordi dei ikkje blir lyste ut på anbod. Det er eitt av funna i ei gransking kommunerevisjonen i Bergen har gjort.

Dei har undersøkt 26 innkjøp frå sju ulike avdelingar i perioden 2003-2005. I seks av innkjøpa hadde kommunen sine tilsette gått direkte til ein leverandør og bestilt vara/tenesta. Det trass i at alle kjøpa låg godt over lovgrensa på 200.000 kroner (den har sidan blitt heva til 500.000 kroner).

— Høgrisiko

Det største innkjøpet stod Idrettsetaten for: Dei kjøpte kunstgrasbane til Salhus for 2,1 millionar kroner direkte frå ein leverandør, utan anbodskonkurranse.

Idrettsetaten stod for tre av dei seks innkjøpa som skulle vore lyste ut, innkjøp som inkluderer tribune i Haukelandshallen og fryseanlegg i Bergenshallen.

Granskingsrapporten vart diskutert i Kontrollkomiteen i Bergen kommune i oktober.

— Det som kom fram i den rapporten tilseier at det er viktig å gå vidare inn på innkjøpsområdet. Det er eit av dei områda med høgast risiko vi har i kommunen, seier leiar for kontrollkomiteen, Geir Dale (Ap).

— Høg risiko for kva?

— Viss nokon vil prøve å lure systemet, er det ofte på innkjøpsområdet dei gjer det. Det ser du i dei sakene som blir rulla opp på Austlandet, seier Dale.

Faste leverandørar

Bergen kommune kjøper inn varer og tenester for rundt fire milliardar kroner i året. Halvparten av desse er kjøp under 500.000 kroner, som er grensa for når kommunen må lyse ut konkurranse.

Så sjølv om dei kommunetilsette skulle følgje lova, blir altså innkjøp for to milliardar kroner aldri lyste ut på anbod.

I staden ringjer den kommunale innkjøparen ein leverandør og bestiller vara eller tenesta direkte. Ifølgje granskingsrapporten blir det ofte kjøpt frå leverandørar innkjøparen kjenner frå tidlegare oppdrag.

Dermed dannar det seg fort eit skilje mellom dei som «er inne» med kommunen, og dei som aldri blir spurt.

Det er òg ein av kritikkane som har kome frå byggenæringa og NHO.

Mistanke i byggjesaker

Ingen i Bergen kommune blir så ofte skulda for korrupsjon som byggesaksavdelinga. Det er òg det klare inntrykket blant dei folkevalde kontrollørane i Kontrollutvalet

— Det er ikkje til å stikke under ein stol at når publikum kontaktar oss er det ofte om den type saker, seier Geir Dale, som leiar Kontrollutvalet.

I motsetning til Oslo har ingen blitt avslørt som korrupt i byggesaksavdelinga i Bergen. Likevel blir det no tatt grep for å hindre korrupsjon i denne avdelinga.

For det første vedtok Kontrollutvalet tysdag denne veka at ein skal vurdere bruken av skjønn i byggesaker. I tillegg vurderer dei eit initiativ frå SV, om å granske byggesaker i strandsona.

Men meir grunnleggjande skal byggesaksavdelinga frå årsskiftet endre måten dei jobbar på. I alle større saker skal no fleire saksbehandlarar jobbe saman. Ein viktig årsak til det er frykta for korrupsjon.

— Dei skal ikkje kontrollere kvarandre for korrupsjon, men skal sørgje for at sakene er tilfredsstillande belyst. Likevel er det klart at dette er eit førebyggjande tiltak mot slike problemstillingar som korrupsjon, seier byggeakssjef Petter Wiberg.

Magnar Taule