KJERSTI MJØR

ANNEMARTA GISE

— Den første tanken min var at eg ikkje torde gå i bryllaupet, seier Anita.

Gåvebordet til brudeparet Anne Naustdal og Kyrre Indal i Åsane verkar litt stussleg på den lukkelege dagen. Mange av gåvene er no i hendene på tjuvane som forsynte seg grådig frå bilen til Anita natt til laurdag. Ho hadde ansvaret for gåver frå fleire av gjestene.

Brudeparet sjølve tykkjer det er mest leit for gjestene, og Anita sjølvsagt, som straks vart tilgjeven.

— Klart det legg ein liten dempar på festen, men det er verst for gjestene som hadde lyst å glede oss i dag, seier brura, som raskt legg til:

— Dette er vår dag, og festen held fram.

Parkerte i eit «snilt» strøk

Fredag køyrde Anita Johannesen frå Florø til Bergen, med bilen fullasta av eigne og andre sine bryllaupsgåver. Både krystall, glas og blomsteroppsatsar, sirleg innpakka til dei nygifte.

Fordi dei andre bryllaupsgjestene frå Florø skulle ta båten, tilbaud Johannesen seg å frakte presangane for dei, slik at dei slapp å bere dei først til kyrkja, så til middagen.

I 23-tida parkerte ho Ford Mondeo'en utanfor Sletten Shopping senter på Slettebakken. Ho tok ikkje gåvene ut av bilen, heller ikkje bryllaupsantrekket sitt, ei kystdrakt verdt 35.000 kroner.

— Når eg parkerer i Bergen sentrum, tek eg alltid verdisaker ut av bilen. Men dette var jo i utkanten av byen, og eg tenkte at her bur det nok berre snille folk, seier Johannesen til BT.

Alt var vekke

Det angrar ho bittert på. For då ho kom ned på parkeringsplassen tidleg neste morgon, vart ho møtt av eit sørgjeleg syn. Ei rute var knust, og bildøra sparka inn.

— Eg tenkte: «Søren og, dette har eg ikkje tid til», fordi eg skulle køyre brura til frisøren, fortel Johannesen.

Ho hadde ikkje tid til å sjekke kva som var stole, men det fann ho fort ut då ho kom tilbake eit par timar seinare: Alt var vekke. Bryllaupspresangar og blomar Kystdrakt og solbriller. Til og med ei pastilløskje, ein pose skittentøy og ein billeg telefonleidning hadde tjuvane røska med seg.

Totalt har tjuvane stole og gjort skade for kring 50.000 kroner.

Ny kjole

Ettersom bryllaupsantrekket var borte, måtte Anita ut og shoppe rett før kirkeklokkene var i gong. Den jobben klarte ho fint og bunadsstakken vart erstatta av ein nydeleg gul kjole.

— Ho er så fin så. Skulle tru det var planlagd, skjemtar ein av gjestene.

Anita har vore i kontakt med forsikringsselskapet sitt allereie, men ho får ikkje hjelp før måndag.

— Eg håpar eg får att på forsikringa, slik at eg kan kjøpe nye presangar til brudeparet. Betre seint enn aldri, seier ho.

Den uheldige bileigaren har ei bøn til tjuvane:

— Ver vennleg å levera tinga inn på Bergen politikammer så fort som mogleg, slik at brudeparet blir glade og lukkelege igjen.

UHELDIG BRYLLAUPSGJEST: Anita Johannesen (t.v) må vere sommarens mest uheldige. Natta før den store dagen til brudeparet Anne Naustdal og Kyrre Indal, stal frekke tjuvar bryllaupsgåvene som Anita hadde ansvaret for.
Foto: Vegar Valde