Fylkestingsmedlemene vakna i dag tidleg til meldingane om at den varsla kvalitetskontrollen av trafikktal og kostnader for brua også skulle innehalda svært mange andre utgreiingar som går langt vidare. Som til dømes alternativ til bru, altså dagens bilferje. Leveringsfrist 1. august.

— Er det byråkratiet, med samferdsleministeren i spissen, som avgjer korleis Hardangerbrua skal handsamast, eller er det Stortinget? freste Handeland frå talarstolen så snart fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg hadde opna for innlegg.

— Vi har fått lovnader om at Hardangerbrua skal opp i Stortinget før sommaren. Mellom anna frå Venstres generalsekretær Terje Breidvik på folkemøte i Eidfjord. Og så krev departementet full utgreiing på nytt, som skal leverast i august. Kan vi finna oss i dette?

— Høgre har landsmøte til helga. No ventar vi at dei seier kraftig i frå, sa Handeland.

- Gå ut i valkampen

Magnar Lussand fylgde opp:

— Det er i røynda ei ny konsekvensutgreiing departementet bed om. Det er aldeles utruleg. Alle vi har snakka med har lova at brua skal opp i Stortinget i vårsesjonen. Men no skal eg spå korleis det vil gå. Det kjem ei innstilling i haust. Og den trur eg er positiv. Men så kjem ikkje brua i Stortinget før våren 2006. Eit års forseinking vil kosta 90 millionar kroner, som kunne vore brukt til andre gode vegformål i Hordaland.

— Har vi råd til å halda oss med slike folk. Nei, gå ut i valkampen, sa Sp-aren Magnar Lussand.

Fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen, som representerer det største regjeringspartiet, viste til møte i Samferdselsdepartementet der dei «helt klart» hadde lova at Hardangerbrua skulle opp i Stortinget no i vår.

Spel for galleriet

— Berre spel for galleriet. Det veit godt kva slags krav til kvalitetskontroll som gjeld for slike store vegprosjekt, sa Bjørn Lothe, SV.

— Vi frå Hordaland bør vera smålåtne. Det er store overskridingar på tidlegare vegprosjekt her i fylket som er årsak til at Stortinget har innført slike kvalitetskontrollar, sa Harald Hove, V, som sleit det han kunne med å forsvara si partifelle i Samferdselsdepartementet. Hove meinte elles at departementet si oppramsing av punkt som skulle utgreiast, ikkje gjekk stort ut over det som var naudsynt.

Rein uthaling

Mot 10 røyster vedtok så fylkestinget ei fråsegn der dei finn det «uakseptabelt» at Regjeringa ikkje greier å få fram sakene om Hardangerbrua og Jondalstunnelen i denne sesjonen.

Fylkestinget viser til at dei handsama bompengesøknadene for begge prosjekta 14. desember 2004. Statens vegvesen Region vest sende søknaden for Jondalstunnelen til Vegdirektoratet 6. januar 2005 og søknaden om Hardangerbrua 10. januar 2005.

Fylkestinget reagerer og sterkt på at kvalitetssikringa av tala for trafikk og kostnader for Hardangerbrua får form av ei heilt ny konsekvensutgreiing. Fylkestinget vurderer dette som ei rein uthaling av saka.

Denne fråsegna vart vedteken mot røystene til SV, RV og V.

<b>HARDANGERBRUA:</b> Hardangerbrua vert eit mektig syn over fjorden mellom Vallavik t.v. og Bu, men spørsmålet er om ho nokon gong vert bygd. (ILLUSTRASJON, BILETET ER MANIPULERT)