— Det verkar som ein litt håplaus kamp. Mot Statens vegvesen med sine retningsliner om å byggja bru i staden for tunnel der bru er mogleg.

— Og mot Fjell kommune, der ordføraren alt i høyringsfasen går inn for bru, seier Trond Haugland i Interessefellesskapet Tona/Valen.

Dette området ligg på Litlesotra, nokre hundre meter sør for Sotrabrua.

Då Statens vegvesen la fram sine planar for nytt fastlandssamband Sotra-Bergen i juni, var det snakk om tunnel eller ny bru nord for Sotrabrua.

I Valen/Tona, rundt Liljevatnet skule, tyktest det å vera langt borte.

Så kom hausten, og vegvesenet kom opp med endå eitt forslag; - ei ny bru 400 meter sør for Sotrabrua.

Området Tona/Valen får denne brua omtrent midt i fleisen. No er folk på barrikadane. Statens vegvesen kan venta seg hardkøyr onsdag kveld, når dei held orienteringsmøte om fastlandssambandet i kultursalen på Vestkanten.

Støyplage

— Dersom dei byggjer ei firefelts bru nokre hundre meter frå Sotrabrua, samstundes som denne skal haldast open for lokaltrafikk, vert resultatet at støyen frå trafikken vert spreidd utover eit mykje større område enn før. Vi trur støyplagene vil nå mykje lengre ut enn det som framgår av vegvesenet sine skjema, trur Helge Andersen frå interessefellesskapet.

Han peikar m.a. på at ein kontorbygning med 60 arbeidsplassar som ligg tett inntil traseen for det siste bruforslaget, ikkje er nemnt i konsekvensanalysen.

Trond Haugland og Helge Andersen trur støyen frå trafikken vert ekstra plagsam fordi vegen på Sotrasida går i lang motbakke frå Arefjord opp til bruspennet. I tillegg reknar dei med at fartsgrensa på nybrua vert 80 kilometer i timen. For støy utgjer det ein stor skilnad samanlikna med 60 kilometer i timen, som er fartsgrense på Sotrabrua.

Ingen vanskar med tunnel

For velforeiningane på Bergens- og Fjell-sida av Knarreviksundet er valet av fastlandssamband svært enkelt. Bygg tunnel! Det er både det snaraste og billegaste. Ingen vanskar med nærmiljø, og ingen risiko for spetakkel og klager og utsetjing.

Og ingen vanskar med vêret heller.

(Saka held fram under grafikken.)

— I helga fekk vi sjå korleis det går når ekstremvêret slo til. Brua vart stengt, slik ho har vorte stengt fleire gonger før. Og går det slik klimaekspertane meiner, vil slikt ekstremvêr med stengt bru koma oftare og oftare, seier Trond Haugland.

Bybane langt inn i framtida

Haugland og Andersen har liten sans for argumenta om at eit nytt fastlandssamband må gjera det mogleg å byggja bybane heilt til Straume.

— Det ligg så langt inne i framtida at, når den tid kjem, då kan dei byggja opp gamlebrua til å ta bybane, eller byggja ei ny bru. Truleg vil gamlebrua då uansett vera moden for utskifting.

— Men tunnelen, som vert nesten seks kilometer lang, kan ikkje ta syklistar eller gåande. Og Sotrabrua er for trong til både kollektivtrafikk og mjuke trafikantar. Kva med dei?

— Eg har foreslått for Statens vegvesen å byggja ein gang- og sykkelveg på utsida av Sotrabrua. Kostnaden med det skal visst liggja på 30-40 millionar kroner. Når prisen for fastlandssambandet går opp i fleire milliardar kroner, er ikkje 40 millionar kroner noko å snakka om.

Vedtak i januar?

Velforeiningane som kjenner seg truga av bruplanane jobbar på spreng med å samla støtte for tunnelen. Med stand på Sartor senter og innsamling av underskrifter.

Statens vegvesen sin frist for å uttala seg om forslaget til kommunedelplan, altså kor vegen skal gå, er sett til 26. november. Det er så tett oppunder julefeiringa at den politiske behandlinga truleg må venta til januar.

Men då er det alvor. Då skal kommunestyra i Bergen og Fjell vedta om det vert bru eller tunnel. Og for at heile saka ikkje skal køyra seg fast, bør dei to helst vera samde.

Kva meiner du? Tunnel, ny bru på sørsida eller ny bru nord for Sotrabrua? Diskuter saka her.

Rune Sævig
HENGEBRU: Dette er firefelts hengebru på nordsida, medan biletet ovanfor der igjen viser firefelts hengebru sør for Sotrabrua. ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN