Også mora og ein kamerat vart dømt i det politiet meiner er tidenes narkotikasak i Sogn og Fjordane. 35-åringen var opphavleg tiltalt for å ha skaffa seg og oppbevart åtte kilo amfetamin, men vart i retten dømt for 3,5 kilo.

«Det er sannsynleg at salsaktiviteten har vore langt meir omfattande enn det er ført gode nok bevis for», står det i dommen.

— Utan skruplar

Han vart også dømt for sal av minst 1,1 kg amfetamin, og at han har gitt bort 0,2 kg til ulike brukarar.

Retten meiner omfanget av narkotikahandelen 35-åringen dreiv, er svært grov.

«Aktiviteten skjer utan skruplar og spenner frå unge urøynde menneske til etablerte brukarar, som kanskje òg driv vidare omsetjing av stoffet. Tiltalte synest heller ikkje å ha noko sperre mot å trekkje venner med psykiske og fysiske problem inn i strafflagde handlingar. Handlingane tiltalte vert dømt for har i seg ei kynisk utnytting av mora.», står det i dommen.

Mora dømt

Mora vart dømt til 420 timars samfunnsstraff for ha medverka til narkotikasalet. Retten legg vekt på at mora vart pressa av sonen, og ikkje tente noko på salet.

I tillegg til dei alvorlege narkotikabrotsverka, vart 35-åringen dømt for to tilfelle av brannstifting og to tilfelle av bruk av eksplosiv i nærleiken av bustaden til ein polititenestemann.

Dynamitt og brann

Første gang det brann var i romjula 2005, i ein vedstabel nær politibetjent Tor Egedahl sin bustad og huset til svigerforeldra.

Eit par veker seinare small ein nyttårsrakett i vedstabelen, så gjekk ein dynamittgubbe av i nabolaget.

– Ein heilt vanvittig smell. Heile nabolaget vakna, og i lokalavisa spekulerte dei seinare på om det hadde vore jordskjelv i Stryn.

Påfølgjande haust brann det igjen i vedstabelen.

I si forklaring kopla politibetjenten episodane direkte mot politiaksjonar dei hadde i narkomiljøet i Stryn like før dei gongene det small eller brann.

Dottera stod og sløkte

– Kona og dottera mi på seks år stod og sløkte brannen da eg kom heim, sa politimannen i retten tysdag.

Politibetjenten fortalde at både han, kona og døtrene (som var seks og tre år gamle) fekk ein frykt i seg, og at særleg dottera på seks forstod kva som skjedde.

– Ho skjønar kva det gjeld, at det finst ein kar her i bygda som vil oss vondt, sa Egedahl.

35-åringens kamerat tilsto i retten at han hadde vore med på to av åtaka og vart dømt til ni måna-ders fengsel.

Den dømde 35-åringen må betale politibetjenten 30.000 kroner i oppreising. I tillegg inndreg staten 400.000 kroner knytt til narkotikasalet. 35-åringen mistar også føreretten til bil for alltid.