Mannen er i Sunnhordland tingrett dømt til å sona 15 dagar i fengsel og betala 7000 kroner i bot for å ha krasja ein lånt bil i fylla i april 2000.

Straks etter ulukka på Litlabø forklarte 24-åringen at det var han som hadde køyrt. Men lenge etterpå endra han forklaringa og sa at det var ei jente som var med i bilen som hadde køyrt. Jenta hadde i mellomtida døydd, men ikkje som følgje av utforkøyringa.

24-åringen hadde ein promille på 1,74 etter ulukka. Kameraten som eigde bilen låg i baksetet og sov, også han godt rusa. Han sa óg straks til politiet at det var 24-åringen som var sjåfør. Men også bileigaren endra forklaring, og sa seinare at han ikkje hugsar kven som køyrte. Han stod tiltalt i samme rettssaka for å ha overlate bilen til den fulle kameraten, men blei frifunnen.

24-åringen hadde i tingretten problem med å forklara kvifor han like etter utforkøyringa tok på seg skulda. Det kunne vera utslag av ei avansert form for sjekking; at han tok på seg skulda for å innynda seg hos jenta som sat på.