Nybygget på Øystese ungdomsskule er kome under tak. Vegger er måla, golvbelegg lagt, kabelkanalar montert, og ventilasjons— og sprinklaranlegg er under montering. Ved skulestart neste haust skal praktskulen i Kvam kommune vere klar for 300 elevar.

Hadde det ikkje vore for at meir enn halvparten av elevane ikkje vil dukke opp.

Kuvending

I løpet av siste valperiode har Kvam heradsstyre vedteke og dels gjennomført ein ny skulebruksplan. Bakgrunnen var minkande barnetal og skral kommuneøkonomi. Både på barne- og ungdomstrinnet er krinsar slått saman og skulebygg under modernisering. Ungdomsskulane i Norheimsund og Ålvik blei vedteke nedlagd, i staden skulle dei aller fleste ungdomsskuleelevane i kommunen samlast på Øystese ungdomsskule, som no er under ombygging og utviding og skal heite Kvam ungdomsskule.

I dag vert vedtaket venteleg oppheva i heradsstyret. Dermed kjem dei 130 elevane ved Øystese ungdomsskule til å få den flotte skulen for seg sjølve, ei skule stor nok til meir enn 300 elevar.

Til ei kostnad på 80 millionar kroner.

– På dei fleste felt har dei vedtekne endringane vore vellykka. Men for ungdomsskulen gjekk det skeis, vedgår ordførar Astrid Farestveit Selsvold.

Politisk press

Folk i Norheimsund aksepterte ikkje at ungdomsskulen deira skulle nedleggjast og elevane overførast til Øystese.

Nokre av dei politiske partia merka presset alt ved skriving av partiprogramma, og bøygde av. Så sa veljarane sitt, godt hjelpne av ei «valhandbok» med rettleiing om kumulering, distribuert av ei aksjonsnemnd. Med meir enn 30.000 rettingar på listene gav kommunevalet reint fleirtal til Norheimsund i det nye heradsstyret. Øystese kom i mindretal og resten av heradet måtte nøya seg med tre mandat på deling.

Saka har skapt nye lokalpolitiske konstellasjonar i Kvam. SV, Høgre Venstre og Ap har danna fleirtalskoalisasjon og vil snu opp ned skuleplanen. I SV dette fått sentrale folk til å melda seg ut. Sp, KrF og dei uavhengige er pro Øystese. Frp har berre norheimsundfolk med på laget, og støttar fleirtalet i skulesaka, men får ikkje vera med i det gode selskap.

Økonomisk baksmell

Til påske kan elevane flytta inn i nybygget, og entreprenørane kan ta fatt på den gamle Fløyen der elevane no har klasserom.

Ved skulestart til hausten skal alt vera ferdig. Om ikkje heradsstyret gir stoppordre.

– Då må dei i tilfelle kjøpa seg ut av kontraktar med entreprenørane. Økonomien vil innhenta dei, seier Nils Nyland, arbeidsleiar i Hardangerbygg.

Han er ganske trygg på at karane får halda fram med arbeidet til det er fullført. At det kan sparast 28 millionar kroner på å sløyfa byggjefasen etter påske, tvilar han sterkt på.

– Det store pengane ligg i ventilasjonsanlegg og tekniske innretningar i nybygget, seier Nyland.

– Dei økonomiske sidene kjenner eg for dårleg til å kommentera, seier Frode Sandven diplomatisk.

Han er rektor for ungdomsskulane både i Øystese og Norheimsund, eit planlagt steg på vegen mot samanslåing til Kvam ungdomsskule i Øystese.

– Byggjestopp ved påske ville vera svært uheldig, understrekar Sandven.

Etter påske skal mellom anna nye kontor og lærarrom innreiast i toppetasjen. No har dei trengt seg saman i biblioteket.

Formannskapsmedlem Arild Berge frå Øystese, innvald på tverrpolitisk liste, vonar at fylkesmannen vil gripa inn.

– Opplegget som fleirtalet no vil gje seg inn på, er ei slett forvaltning av titals millionar skattekroner, murrar Berge.

Deisz Ørjan