Fullt så langt er ikkje brua over nedre del av Vosso, ved Bolstadøyri jernbanestasjon, enno komen. Men ho er hundre år i 2009 – det vil seia: På den staden ho no ligg. Legg vi til tida då ho var smalspora jernbanebru ved Flagefossen like vest for Bulken, er ho 125 år gamal. Minst!

Skal ein vera heilt nøye på det, så er det sjølve stålbygget i brua som er 125 år gamalt. Men så nøye treng ein ikkje vera. Brukara er i hoggen granitt, truleg frå steinbrotet på Vaksdal, der så mykje av dei fine murane, tunnelkvelvane og steinkvelvbruene på Bergensbana kom i frå. Brukara vart bygde på staden, og dei står like støtt no som i 1909.

La bana der det ikkje budde folk

Kanskje var jernbaneingeniørar folkesky menneske. I alle fall la dei helst banene der det ikkje budde folk, nokså ulikt vegbyggjarane, som laga svingevegar slik at vegane skulle koma innom kvart gardstun, gjerne under låvebrua.

For jernbane var noko så fint at folk skulle ta seg fram til bana, bana skulle ikkje koma til dei. Det er grunnen til at det er så makelaust fint utsyn over Hallingdalen frå bana mellom Geilo og Ål – bana ligg langt oppe i skogen, folket bur i dalen og i liane på den andre sida av elva…

Bana på sørsida — folk på nordsida

Slik var det på Vossebana også, og slik var det på Bolstadøyri. Bana kom på sørsida av elva, folk budde mest på nordsida, og jernbana ville ikkje ta på seg kostnaden ved å byggja bru her (slik dei elles gjorde på Evanger!).

Så måtte ordførarane setja i gang, syta og klaga, lokka og truyga, dei hadde enno ikkje funne opp moteordet ”spleiselag”, men det var nett det dei fekk i stand.

Litt ytte dei sjølve, litt la Søndre Bergenhus amt i kollektskåla, og stortingsmenn som gjerne ville verta attvalde, masa vidare i Stortinget til dei hadde skrangla i hop litt over 20 000 kroner.

Moderne knep

Ordførarane den gongen kunne eit moderne knep: Kreativ bruk av statistikk, så dei fortalde at 2000 menneske ville sokna til brua. Det var knapt nok halve sanninga, for dei tok med heile Bergsdalen i ”nedslagsfeltet”. Men jernbanefolka kjende knepet:

Om bergsdølane verkeleg tok vegen over fjellet, ville dei koma ned i dalen – på stasjonssida av elva! Dessutan kom Dale Fabrikker i 1879. Med fabrikken kom veg frå Dale opp i Bergsdalen, og på Dale var det stor og god stasjon.

Dampbåten billegare

Litt kjensler låg det i saka også. Framleis gjekk det dampbåt frå Bolstadøyri til Bergen, og med båten var det litt billegare både for folk og gods, så litt for mange sparde øra og kronestykka på å ta båt i staden for bane endå turen tok tre gonger så lang tid som toget – akkurat som fabrikkeigar Jebsen fann ut at det vart billegare å senda tekstilvarene med båt frå Stanghelle enn med tog frå Dale – endå det var Peter Jebsen sjølv som hadde sytt for at først Vossebana og deretter Bergensbana vart bygd.

Så det var kanskje ikkje så rart at banefolka meinte folket på Bolstadøyri kunne greia seg med ferjemann som tok ti øre for turen over elva, når dei ikkje brukte bana meir enn dei gjorde.

Litt godvilje - om enn sur

Men litt godvilje – om enn sur – viste jernbanen då dei let vegvesenet få kjøpa den smalspora jernbanebrua på Flage, som dei sjølve ikkje hadde bruk for lenger, til halv pris, 5 øre kiloen mot marknadspris 10 øre, 3000 kroner mot marknadspris 6000 kroner.

Så kom brua, og der står ho framleis. I aprildagane 1940 sprengde dei ei jernbanebru rett vest for Bolstadøyri for å seinka tyskarane, på Bolstad rakk dei ikkje å sprengja brua før tyskarane var der.

Takk for sist til vrange jernbanefolk

Forteljinga om billegbrua har eit framhald. Dei fekk eit problem då brua var ferdig: Ho kosta 1300 kroner mindre enn dei hadde rekna med, og ingen hadde lyst til å senda pengar tilbake til regjeringa.

Så dei bygde ny veg og ny kai på den andre sida av elva, slik at dampbåten skulle verta lettare å nå. Det var kanskje også eit takk for sist til vrange jernbanefolk.

Men då var saka meir normal, no gjekk dei 600 kroner i underskot på arbeidet!

BOLSTAD STASJON OG BRUA: Her er Bolstad stasjon og brua fotografert i 1999.
Svein Ulvund