Etter fleire veker på tiltalebenken i Sunnfjord tingrett fall dommen for dei to bruktbilselgarane: Jensen fekk to års fengsel, den medtiltalte partnaren hans fekk eit halvt år der 90 dagar er utan vilkår.

Jensen var tiltalt for svindel på tilsaman ni millionar kroner gjennom sine firma med base i Førde, og vart dømt på dei fleste postane i tiltalen. Dette omfattar grove brot på rekneskapslova, innbefatta manglande registrering av nær fem millionar kroner i omsetnad.

I tillegg meiner retten at Jensen lovstridig tok ut meir enn 600.000 kroner frå konkursbuet etter eit av selskapa han leia. Også partnaren vart dømt som medskuldig for 375.000 kroner på det siste punktet.

Retten meiner at den manglande rekneskapsføringa var gjort med vilje for å skjule kor mykje pengar som eigentleg sirkulerte i selskapet, trass i at revisor påpeikte forholda ei rekke gonger. Jensen er dømt til å betale tilbake rundt 700.00 kroner til to konkursbu og til staten, og må også ut med 75.000 i sakskostnader.

Bilselgaren er i same saka dømt for tre simple bedrageri, noko retten meiner isolert ville kvalifisert til bøtestraff. Men i kombinasjon med dei øvrige lovbrota har retten i staden tillagt bedraria som eit skjerpande omstende i straffeutmålinga. Saka er den største svindelsaka Sogn og Fjordane politidistrikt har etterforska.