— Ordninga med internett-registrering av nye bilar er kome godt i gjenge. No er vi spent på om det går like greit med bilar som skiftar eigar, seier teamleiar Elin Gundersen til Bergens Tidende.

Ho har ansvaret for innføringa av det nye landsomfattande registreringssystemet som er lokalisert til Statens Vegvesen sin stasjon på Steinkjer.

— Gunnen til at Møller Bergen er peika ut til å melda inn dei første 2-3 omregistreringane for brukte bilar, er at vi har brukarstøtte plassert i Bergen. I pilotperioden elles, er det peika ut 14 bilforhandlarar spreidde over heile landet, fortel Gundersen.

Ugyldig utanlands

«Autoreg» har gjort livet lettare for bilforretningane. Dei slepp å reisa til ein vegstasjon og stilla seg i kø. I staden set dei seg ved datamaskinen, registrerer bilen, og kan skriva ut eit mellombels vognkort på printeren sin.

Dette vognkortet er gyldig innanlands i opptil ein månad. Men etter berre eit par dagar har bileigaren fått eit permanent vognkort i posten frå Steinkjer.

— Vi har opplevt at nykjøpt bil skal rett til utlandet på ferietur. Bilen blir levert rett før avreise. Då har bileigaren eit problem som systemet ikkje tek høgde for, seier Audun Rio Jakobsen ved Bilsenteret AS på Paradis til Bergens Tidende.

— Er det slikt hastverk, kan ein framleis bruka gamlemåten, eller byta inn mellombels vognkort med eit permanent. Det kan gjerast på kva vegstasjon som helst, før ein forlet landet. Ikkje alle har like lang kø, parerer Gundersen.

Tryggare

Men utpå nyåret blir det slutt på all utferding av vognkort på andre vegstasjonar enn i Steinkjer. Då kjem ein heilt ny type dokument etter EU-mønster.

— Betyr det nedbemanning og dårlegare service rundt om i landet?

— Det betyr at vi får same ordning som til dømes svenskane og tyskarane har hatt i fleire år. Folk må ha høgde for eit par dagars registreringstid når dei skal handla bil og vil utanlands. Mest av alt betyr det betre vern mot biltjuveri ved organisert kriminalitet, seier Gundersen.

— Korleis?

— Det nye EØS-vognkortet får to delar. Identifikasjonsdelen skal alltid ligga i bilen, medan verdidelen må oppbevarast ein annan stad. Manglar verdidelen, vil ein biltjuv eller helar ikkje få selt og omregistert bilen i noko europeisk land, forklarer Elin Gundersen.